Er det rett å bruke millionar av kroner på å lansere norsk litteratur i utlandet? Spørsmålet er blitt diskutert siste dagane i samband med at Norge er æresgjest under verdas største bokmesse i Frankfurt. Som gjesteland får norsk litteratur og andre kunstformer ekstra merksemd. Fleire hundre bøker er omsett frå norsk til tysk. Det er blitt arrangert seminar, konsertar og framvisingar fleire stadar i Tyskland gjennom heile 2019, for å vise breidda i norsk kultur, natur, historie og samfunn.

Prosjektet er det største løftet for norsk litteratur og kultur i utlandet nokon gong. Kulturdepartementet, Utanriksdepartementet og Næringsdepartementet dekker kvar sin tredjedel av eit statleg tilskot på 30 millionar kroner, og i tillegg kjem private midlar frå bokbransjen og andre aktørar. Til samanlikning har Norge brukt over 300 millionar kroner på OL-søknadar sidan 1994.

Målet er at bokmessa skal bidra til auka interesse for norsk litteratur og kultur. Norsk litteratursal til utlandet var på rundt 50 millionar kroner i 2017, og potensialet er mykje større. Kulturnæringar er i vekst i mange land, og skaper både inntekter og arbeidsplassar. I tillegg til kroner og ører, har litteraturen mange andre verdiar som det er verdt å framheve, til dømes som brubyggjar mellom kulturar i ei stadig meir polarisert verd. Ved å leve seg inn i historier frå andre land, kan lesaren få nye opplevingar, gleder og auka forståing for andre menneske. Slik sett er kanskje litteraturen viktigare enn nokon gong.

Norge er eit lite språkområde. Dersom forfattarane skal kunne gjere det betre enn i dag, må dei nå ut til større marknadar. Bokmessa er ikkje berre eit utstillingsvindauge for norsk litteratur i Tyskland, men for store delar av verda. Det er venta nær 300.000 besøkande frå 100 ulike land denne veka.

Det gir heilt klart meining å diskutere bruken av offentlege midlar. Vi vil likevel gi regjeringa ros for denne storsatsinga på norsk litteratur og kultur i utlandet. Med Norge som hovudland på messa i Frankfurt kan fleire norske bøker nå ut over landegrensene. Satsinga kan dessutan skape positive ringverknadar til andre næringar. Under opninga av bokmessa onsdag fekk publikum oppleve både diktlesing, møbelkunst, joik og fiskesuppe.