Under årets tv-aksjon kom det inn meir enn til 220 millionar kroner til Cares arbeid for kvinner i verdas mest sårbare område. Innbyggarane i Sogn og Fjordane gav mest per innbyggar, medan Møre og Romsdal kom på ein god femteplass. Tv-aksjonen er blitt arrangert kvar einaste haust sidan 1974, og det er samla inn totalt over ni milliardar kroner. Dette har gitt livsviktig hjelp til millionar av menneske. Tv-aksjonen er ein nasjonal dugnad der heile landet er med, og denne tradisjonen er det all grunn til å vidareføre. Innsamlingsaksjonen er også ein omfattande informasjons- og haldningskampanje, som minner oss på å bry oss om andre.

Eit par av dei viktigaste tiltaka for å utrydde fattigdom, er å sikre at alle menneske får utdanning, og at det blir skapt nok arbeidsplassar. Målet med årets tv-aksjon er nettopp å sikre tusenvis av kvinner mulegheit til å skape sin eigen arbeidsplass og dermed eiga inntekt. I tillegg til den årlege tv-aksjonen, pågår mykje godt arbeid for andre elles i året. Givarglede og dugnadsvilje skaper gode resultat. Sunnmørsposten skreiv måndag om elevar frå vidaregåande skular på Sunnmøre som samlar inn pengar til NSP-Aid for å sikre trygg oppvekst og skulegang for barn i slumområde i Kenya. Når skulegang er ein nøkkel ut av fattigdom, er det positivt med mange ulike tiltak. Det gir håp å vite at stadig fleire får det betre, sjølv om det første berekraftsmålet på ingen måte er nådd enno.