Dei folkevalde i Ålesund har bede om forklaring frå Helse Midt-Norge på kvifor helsekronene i regionen er så skeivt fordelt i favør av Trøndelag. Eit samla bystyre i Ålesund sende i september brev til helseforetaket der dei peika på at den økonomiske rammetildelinga i finansieringssystemet slår skeivt ut. Svaret frå Helse Midt kan best oppsummerast som "God dag mann økseskaft".

Ein del av oppgåvene til St. Olavs er regionale funksjonar for Trøndelag, som innbyggarane i Møre og Romsdal har liten eller ingen nytte av. I brevet frå bystyret blir det mellom anna vist til at St. Olavs får nær 1,3 milliardar kroner meir enn Helse Møre og Romsdal til psykisk helse og rusproblem, sjølv om befolkningsgrunnlaget er nesten likt. Bystyret skriv at dei har grunn til å tru at skeivfordelinga av dei økonomiske rammene er tilsvarande innan somatikken.

Det blir stadig understreka at Ålesund sjukehus skal vere det mest spesialiserte sjukehuset etter St. Olavs hospital i Trondheim. Likevel har Ålesund mangla sikker straumforsyning dei siste åra. Strauminntaket til sjukehuset er framleis 230 volt, medan medisinskteknisk utstyr treng 400 volt. Sjukehuset har løyst dette mellombels ved å installere transformatorar. No er kapasiteten sprengt. Ny straumforsyning er heilt nødvendig for å kunne installere meir medisinskteknisk utstyr til pasientbehandling. Det er løyvd pengar til ny straumforsyning, men investeringa er stadig blitt skubba på. I papira til styremøtet 23. oktober står det at ny straumforsyning blir dyrare enn rekna med. Grove kostnadskalkylar viser at utvida akuttmottak og ny operasjonsfløy ikkje er mogleg å gjennomføre innanfor rammene, og må dermed utsetjast. Dette vitnar om alarmerande dårleg planlegging og budsjettering.

Når målet er likeverdig sjukehustilbod for alle i regionen, må Helse Midt-Norge sørge for meir rettferdig fordeling av midlane. Det vil vere fullstendig uakseptabelt om sjukehustilbodet på Sunnmøre skal bli svekka på grunn av skeivfordeling, feilprioriteringar eller overskridingar andre stadar i helseforetaket.