Tenåringsguten Christoffer var på veg inn i eit kriminelt miljø, då han fekk hjelp av onkelen Richard til å få orden på livet sitt. Lokalavisa Vikebladet Vestposten fortalde historia om Christoffer og Richard sist veke. Historia er både lærerik og inspirerande. Den viser kor viktig det er at ansvarlege vaksne bryr seg og ikkje gir opp, når unge har det vanskeleg.

«Mi oppgåve vart å passe på han, eg har vore streng, bestemt og tydeleg på kva som er rett og gale. Og vi fekk inn rutinar. Eg har nesten overvaka han, følgt han tett. Eg trur det var det Christoffer mangla, han trong nokon som såg han», fortel Richard Verting til lokalavisa.

Ein vaksen person som står ungdommen nær, kan på ein heilt annan måte enn profesjonelle hjelparar følgje opp og gi stabil omsorg over tid. Samtidig er det behov for kontakt og samarbeid med offentlege instansar, og på dette området har Hareid og Ulstein oppnådd noko viktig. Richard Verting har framheva kor avgjerande det har vore med tillitsfull kontakt med politiet, at ein politimann alltid har vore tilgjengeleg. Dessutan har det vore godt samarbeid med barnevern, NAV, konfliktrådet og kommunen. Dette er instansar som vanlegvis får kjeft når noko går gale, derfor er det gledeleg å få fram historier om det som går bra.

Korleis stanse trenden med aukande ungdomsvald? Korleis hindre at fleire unge fell utanfor arbeidslivet? Spørsmåla er blitt hyppig diskuterte. Førebygging og straffereaksjonar blir ofte sett på som motpolar, men kan utfylle kvarandre. Ungdomsoppfølging og ungdomsstraff er reaksjonar som er laga spesielt for ungdom mellom femten og atten år, for å få dei vekk frå kriminalitet. På Sunnmøre er det ungdomskoordinator i konfliktrådet, Solgunn Gjerde, som har ansvar for desse straffereaksjonane. Christoffer har fullført åtte av 12 månader med ungdomsoppfølging, og i teamet rundt Christoffer har Gjerde hatt med lensmann, NAV, barnevern, oppfølgingsteneste og onkel Richard. Denne tverrfaglege modellen har gitt svært gode resultat.

På fem år har 23 ungdommar på Sunnmøre fullført ordninga med ungdomsoppfølging, og berre tre av dei har gjort nye lovbrot. For kvar ungdom som får livet sitt på rett kjøl, er gevinsten enorm, både for den enkelte person og for samfunnet. Onkel Richards metode bør takast i bruk av mange fleire.