Leiar:

Derfor er det lønsamt at media passar på kommunane

Mangfald: Nest etter NRK er det lokal- og regionaviser som har størst tillit, viser undersøking.  

Det er skjerpande for makthavarar å vite at dei kan bli kikka i korta

Leder

Norske redaktørstyrte media nyt stor tillit, viser ny undersøking gjennomført av Medietilsynet. Eit representativt utval av befolkninga er blitt spurt om dei er einige i påstanden om at norske media i hovudsak er til å stole på. 32 prosent er heilt einige i påstanden, og 51 prosent er litt einige. Berre tre prosent gir uttrykk for eintydig mistillit. Høgast tillit har NRK, og på ein god andreplass kjem lokal- og regionaviser. Aller lågast er tiltrua til nyheiter på Facebook.

Den rike floraen av lokal- og regionaviser er med på å gjere nordmenn til eit av verdas mest avislesande folk. Opplyste borgarar er avgjerande for at demokratiet skal fungere, og då må nyheitene vere til å stole på.

Forsking har vist at kommunar med sterke lokal- og regionaviser, driv meir kostnadseffektivt enn kommunar utan avis, eller der avisa står svakare. Det er skjerpande for makthavarar å vite at dei kan bli kikka i korta og stilt til ansvar. Derfor er det lønsamt for innbyggarane å ha ei avis som passar på kommunen.

I Norge har dei fleste tillit til at styresmaktene forvaltar offentlege midlar på ein god og rettferdig måte. Slik er det ikkje i alle land. Korrupsjon undergrev tilliten til demokratiske prosessar og politiske system, og øydelegg eit land frå innsida. Kritisk, påliteleg journalistikk førebygger korrupsjon, og skaper gjennomsiktige forhold. Undersøkingar har vist samanheng mellom ei fri og uavhengig presse, og graden av korrupsjon, både på lands- og regionnivå.

Dessverre kan også media svikte sitt oppdrag. Det er pressa si oppgåve å verne enkeltmenneske og grupper mot overgrep og forsømming frå det offentlege eller private, står det i Vær Varsam-plakaten. Etter kvart som NAV-skandalen aukar i omfang, blir det stadig klarare at media har forsømt seg alvorleg i denne saka. Det er tragisk at den feilaktige tolkinga av regelverket ikkje er blitt avdekka tidlegare.

Tillit er den viktigaste ressursen i eit ope og demokratisk samfunn. Tillit tek lang tid å bygge opp, og er lett å rive ned. Små og store aviser lever av tillit, og må kvar einaste dag jobbe iherdig for å vise seg tilliten verdig.


«Bør bli obligatorisk lesing for alle kommunale sjefar som meiner det ikkje er behov for lokal journalistikk»

Mediemeldinga, som vart vedtatt av Stortinget sist veke, legg vekt på at formålet med mediepolitikken først og fremst er å sikre infrastrukturen i demokratiet.



Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Leder