Skattetala som vart gjort offentlege denne veka, syner at spriket mellom fattige og rike held fram med å auke. Vi held altså fast på ein kurs som på lang sikt vil svekkje samfunnet vårt.

Små skilnader er viktig for folk flest sin livskvalitet. Det gir større tillit mellom folk, mindre sosial uro og mindre sosiale problem. Samfunn med små skilnadar scorar også betre på helse- og kriminalitetsstatistikken enn der gapet mellom rik og fattig er stort.

Dette er det brei politisk semje om i Norge. Likevel klarer vi altså ikkje snu utviklinga.

Norge er framleis eitt av landa i Europa med minst skilnad mellom topp og botn. Ingenting tyder på at vi vil misse den posisjonen med det første. Spriket mellom topp og botn aukar raskare i ei rekkje andre europeiske land enn her.

Det må likevel ikkje føre til at vi tar lett på oppgåva. Vi får det ikkje betre fordi andre gjer det dårlegare enn oss.

Ein gjennomgang av skattetala som NRK har gjort, syner at dei 5.000 med høgast inntekt i Norge tener meir enn 10 millionar kroner årleg i snitt. Det representerer ein inntektsvekst på snart 50 prosent sidan 2012.

Folk flest har hatt ein vekst på knapt 18 prosent i same periode.

Det er likevel ikkje skilnaden mellom ein liten elite i toppen og den store hop som er problemet. Verst er det at dei som tener minst sakkar stadig lengre bak. Dette er menneske som slit med å dekkje normale, daglege behov.

Ferske tal frå Statistisk sentralbyrå syner at andelen som kjem inn under EU si fattigdomsgrense aukar. Tett på kvar tiande innbyggjar i Norge har så lav inntekt no. Dette er minstepensjonistar, uføretrygda, sosialhjelpsmottakarar, einslege forsørgjarar, flyktningar og innvandrarar.

Svært mange barn veks opp i familiar med slik lav inntekt. I Norden blir vi berre forbigått av Sverige. Både Danmark og Finland har langt lågare tal.

Dette handlar om meir enn kalde tal. Ein ny rapport frå Kirkens Bymisjon syner korleis slik fattigdom går ut over skulegang, trivsel, vennskap, ernæring og helse. Dette er ei oppskrift på utanforskap og veksande sosiale problem som på lang sikt også kan truge stabiliteten i samfunnet.

Vi skuldar både dei fattigaste blant oss og framtidige generasjonar å ta i bruk sterkare verkemiddel for å snu denne kursen.