Støyen blir kanskje litt mindre om ein aukar ferjetakstane i to etappar, men ikkje smerta. Det er innhaldet i denne pakken som betyr noko for dei reisande, ikkje korleis den er pakka inn.

Etter møtet i samferdsleutvalet i Møre og Romsdal denne veka kan det sjå ut til at det kan bli fleirtal for å auke ferjetakstane og kutte i tilbodet for å få kome seg ut av budsjettknipa. Det vil ramme økonomien til folk som er avhengige av ferjer hardt.

På toppen av denne takstauken kan det i tillegg kome ein ny smell for dei som må ha med seg bilen på ferja om Møre og Romsdal landar på å innføre same autopass-ordning som staten har på sine ferjer. Det er summen her som kan gi ein takstauke på opp mot 75 prosent for køyretøy. Men politikarane ser ut til å ville skubbe autopass-avgjerda ut i tid.

Folk i ferjefylket reagerte kraftig då fylkesrådmannen si tilråding vart kjent i førre veke. Ei protestgruppe på Facebook fekk over 10.000 medlemmar på ei veke. I tillegg protesterer næringsinteresser og lokalpolitikarar, mellom dei formannskapet i øykommunen Midsund.

Det er lett å forstå at støyen påverkar fylkespolitikarane, og det skulle berre mangle. Mange er totalt avhengige av ferjer i det daglege, og ein så kraftig prisauke vil slå sterkt ut både i privatøkonomi og på botnlinja til mange bedrifter.

Samferdslepolitikarane håpar truleg i det lengste at dei kan klare å skåne innbyggjarane for ein slik dobbelsmell. Tidlegare har dei gått inn for ei anna autopass-ordning enn det staten har innført, og at dei kan styre unna det enorme prispåslaget den gir for køyretøy.

Slik saka no utviklar seg, kan det sjå ut til at det kan verte vanskeleg. Ferjefylka langs kysten av Vestlandet vurderte tidlegare å samla gå inn for ei ordning der også passasjerar må betale. Då ville ein unngå dyrare billett for bilar på ferja.

Etter at Hordaland for nokre veker sidan forlét dette standpunktet, kan det no sjå ut til at Møre og Romsdal vil stå åleine om ei alternativ løysing. Sjansane for at ein kan unngå prispåslag nummer to har altså krympa kraftig.

Difor bør ikkje fylkestinget gjere eit vedtak i budsjettet om å auke ferjetakstane utan å avklare kva ein vil gjere med Autopass. Å auke takstane i to etappar vil mest sjå ut som eit forsøk på å lure folk.