Skulen får færre kompetansemål. Slik skal norske skuleelevar få meir tid til læring, lærelyst, refleksjon og kritisk tenking. Eit slikt grep må også få følgjer for kva ein måler elevane på. Prestasjonsfokuset må bli mindre.

Kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) la fram dei nye læreplanane for skulen mandag. Sjølv kallar han dette den største endringa i norsk skule sidan innføringa av Kunnskapsløftet i 2006. Arbeidet med dei nye læreplanane har skapt stort engasjement. Over 20.000 innspel har kome inn, mange kritiske.

Hovudretninga om å gi meir plass til djupnelæring, har det likevel vore stor semje om.

Dagens læreplanar er prega av svært mange kompetansemål. I faga KRLE, samfunnsfag og norsk er det til dømes nær 400 slike kompetansemål til saman. Det seier seg sjølv at det er eit system som legg opp til overflatelæring og uklar retning og styring.

Samstundes får ein med dette eit omfattande system for å sikre at måla blir nådd. Fokuset blir lett lagt på prestasjonar og resultat i prøver i staden for læring og lærelyst.

At ein dempar dette prestasjonsfokuset ved å slanke talet på kompetansemål, vil kunne vere positivt både for elevane sin trivsel og læring.

Talet på kompetansemål blir til dømes redusert frå nær 400 til knapt 200 i dei tre nemnde faga. Det gjer faga meir oversiktlege, innhaldet meir verdibasert og kan bidra til å gjere elevane meir sjølvstendige, skapande og utforskande.

Ei meir praktisk tilnærming i fleire av faga, vil også vere ei hjelp til elevar som slit med den teoretiske tilnærminga. Auka vekt på digital kompetanse er også viktig, både med tanke på styrke kunnskapen om verktøya og for å gjere unge til tryggare digitale borgarar.

Sjølvsagt skal faktisk kunnskap ha stor vekt også i framtida, og like sjølvsagt skal ein halde fram med å måle prestasjonar og kunnskapsnivå. Men å gi meir plass til den lærande og utforskande elev, vil bidra til å ruste framtidige skuleelevar betre for dei utfordringane som faktisk vil møte dei i arbeids- og samfunnslivet.

Lærarar og skuleleiarane har ei stor oppgåve framføre seg. Læreplanane skal også lærast og tolkast, og få konkrete konsekvensar for undervisninga i kvart enkelt klasserom frå komande haust.

Det store engasjementet i arbeidet med læreplanane så langt er eit godt grunnlag. No må skuleeigarar sørge for tid og ressursar til å gjere jobben.