«Haltande lov om fri rettshjelp»

Rettstryggleik: Stadig færre har rett på fri rettshjelp med dei reglane som er i dag. Det er eit trugsmål mot rettstryggleiken for dei med dei svakaste økonomiske ressursane i ryggen.  Foto: NTB Scanpix

I fleirtalet av sakene som NAV no må vurdere omgjering av, har aldri trygdemottakaren hatt ein jurist ved si side.

Leder

Ordninga med fri rettshjelp skal sørgje for at dei som ikkje har ressursar til det sjølve, kan få naudsynt juridisk bistand i viktige sivile saker. Slik er det ikkje no. Strenge grenser for inntekt stengjer ute altfor mange som treng slik hjelp.

Grensene for kor høg inntekt ein kan ha, blir nemleg ikkje justert i takt med kostnadane. Det er ti år sidan grensa er oppjustert sist. Sjølv folk som lever på minstesatsen for uføretrygd tener no for mykje til å kunne få gratis hjelp.

Dette bør vere eit «wake-up-call» for Stortinget. Det er ikkje berre beløpsgrensa som må endrast.



Fri rettshjelp er eit grunnleggande velferdsgode i eit demokrati som vårt. Fri rettshjelp og frie rettsråd skal bidra til å rette opp skeive styrketilhøve i saker der «den lille mann» står mot overmakta.

NAV-skandalen er berre eitt døme på kor skeivt makta og ressursane kan vere fordelt, og korleis det kan slå ut. Advokatar som har vore engasjert i slike saker har fortalt korleis økonomi har hindra dei i å jobbe grundig nok med sakene.


Setteriksadvokaten tror antall Nav-saker vil øke

Til nå har setteriksadvokat Henry John Mæland for Nav-sakene fått inn rundt 80 straffesaker som han skal vurdere å begjære gjenopptatt. Han tror tallet vil øke.


Dette er saker der juristar faktisk har vore inne i biletet, gjerne fordi det har vorte ei straffesak. I fleirtalet av sakene som NAV no må vurdere omgjering av, har aldri trygdemottakaren hatt ein jurist ved si side.

Neste år er det 40 år sidan dagens Lov om fri rettshjelp vart innført. Den har vorte endra og revidert fleire gongar, men no er det på tide å ta ein større, systematisk gjennomgang. Det er ikkje snakk om fullt frislepp, men å få ei ordning som treff behovet i tråd med intensjonane.

I tillegg til at beløpsgrensene er heilt i utakt med kostnadsutviklinga, haltar lova no på fleire område. Advokatforeningen hevdar at ordninga treff skeivt og tilfeldig, er lite fleksibel og er lite eigna til å gi dekke det reelle behovet for rettshjelp til dei den skal hjelpe.


Nav-ofre kan kreve millioner i erstatning

I flere av sakene etter Nav-skandalen kan staten vente seg krav om erstatning og oppreisning i millionklassen.


Forsiktig uttrykt er dette ei ordning som er i ferd med å forvitre. Det er grunn til å frykte at stadig større grupper i samfunnet slik blir ståande utan moglegheit til å gjere sine rettar gjeldande i møte med overmakta, anten det er barnevernet, NAV og andre offentlege organ eller det er store private aktørar.

Ei slik utvikling er det ingen som vil ha. Heller ikkje partia på Stortinget. Stort sett alle parti har nemnt styrking av ordninga med fri rettshjelp i sine program. Då burde det vere ei enkelt sak å kome i gang.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Leder