«Folk flest er ikkje heile folket»

Tillit: Sviktande tillit til politikarane er forlaringa på framveksten av protestrørsler og populisme i Europa. Også i Norge er det teikn på svekka tillit til politikarane. 

Ein slik mistillit kan i verste fall føre til at folk snur ryggen til demokratiet, melder seg ut og føler seg maktelause.

Leder

Tillit tullar ein ikkje med. Tillit mellom folk er samanhengskrafta i eit samfunn. Tillit mellom folkevalde og folket er sjølve limet i eit demokrati. Blir tilliten svekka, blir byggverket som held oss saman svakare.

Difor er alle teikn, små og store, på veksande kløfter mellom folk og dei styrande varsellampar som må få oss til å reagere. «Innbyggerundersøkelsen 2019» som Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) slapp førre veke, er ein slik.

Talet på dei som har svært liten tillit til at politikarane på Stortinget arbeider for folk sitt beste, er dobla på seks år. Trenden er så klar at vi ikkje kan avfeie dette som eit tilfeldig blaff.

Norsk politikk er heldigvis likevel framleis prega av stor grad av tillit. Folk flest har tru på at politikarane er reale, pålitelege personar som vil bidra til å byggje eit samfunn som er til det beste alle.


Valgdeltakelsen blant unge økte i årets valg

Langt flere unge stemte ved årets lokalvalg enn i 2015, men fortsatt er den høyeste valgdeltakelsen blant dem mellom 67 og 79 år.


Slik er det også i dei andre nordiske landa. Stor velstand, små skilnader mellom folk, stor grad av openheit i forvaltninga og kort avstand mellom politikarar og folkevalde bidrar til det. Enkelte valforskarar avviser derfor at vårt demokrati har ei tillitskrise. Auka valdeltaking i valet i haust støttar opp om det synet.

Problemet er at «folk flest» ikkje er heile folket, like lite som årleg middeltemperatur fortel at det ikkje er fare for frost i januar. Av og til bør ein vere like ivrig på å sjå på ytterkantane enn på gjennomsnittet.

Ei endring kan vere på gang.


Bittersøt seier for Polens regjeringsparti

Høyrepopulistene i det polske regjeringspartiet PiS har vunnet valget, men seieren er bittersøt. Partiet mister flertallet i senatet.


For sjølv om folk framleis har tru på dei demokratiske verdiane og er engasjert i politiske saker, er kritikken til dei demokratiske institusjonane veksande. Eit tøffare debattklima, nye debattarenaer på sosiale media, kamp om merksemda, fragmentering av politikken og fleire profesjonelle kan vere nokre forklaringar.

Resultatet er at fleire og fleire meiner at deira fremste folkevalde ikkje lyttar til dei. Innbyggjarundersøkinga syner at nær kvar sjette har svært liten tillit at stortingspolitikarane arbeider til folket sitt beste.


Nye protester i Barcelona etter fengselsdommer mot politikere

Tusener av katalanere demonstrerte i Barcelona og andre byer, for andre dag på rad, i protest mot at katalanske politikere er dømt til fengsel.


Då er det ikkje lenger ein sær bagatell. Då er det ikkje lenger avgrensa til ei snever gruppe av veljarar.

Vi kan ikkje stille oss likegyldige til dette.

Ein slik mistillit kan i verste fall føre til at folk snur ryggen til demokratiet, melder seg ut og føler seg maktelause. Symptom på dette er aukande polarisering i det offentlege ordskiftet.

Resultatet kan bli større framvekst av populisme, og antidemokratiske krefter kan få ein boltreplass.


Over 100 demonstranter pågrepet i Paris

Fransk opprørspoliti brukte tåregass og pågrep over 100 demonstranter som protesterte mot president Emmanuel Macron økonomiske politikk i Paris lørdag.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Leder