Fylkespolitikarane i Møre og Romsdal stryper inn kostnadane og skjer ned på drifta. Den pillen sukrar dei med ein god porsjon tru, håp og fromme ynskjer.

Blant anna går fleirtalet i fylkesutvalet inn for ein takstauke på ferjene i fylket, ein auke som vil gi fylket 30 millionar kroner meir i årlege inntekter. Så sukrar dei dette med at dei håpar at staten vil leggje meir pengar på bordet for at fylket skal kunne unngå dette.

Den glasuren er syltynn, og under den er pillen akkurat like bitter for dei ferjereisande som i fylkesrådmannen sitt framlegg.

Fylkeskommunen står i ein umogeleg spagat. Alle parti er einige om at det må strammast inn. Fylket si drift er ikkje berekraftig. Og skal ein kutte på ein måte som gir varig effekt, må ein gå etter dei store pengane.

Dei ligg i to sektorar: Samferdsel og utdanning. Det har fylkesrådmannen gjort, og det må politikarane gjere.

Kutt her har engasjert befolkninga sterkt i form av aksjonsgupper, underskriftslister og fakkeltog. Det er klart slikt gjer inntrykk.

Heller ingen politikarar har lyst å kutte i tilbod. Frp meiner dei kan ta dette utan å kutte i skuletilbod eller å auke ferjetakstar. Høgre vil heller ha strukturdebatt enn å bruke høvelen over alt.

Fleirtalspartia Ap, Sp, KrF, Venstre, MDG og SV klarer ikkje å styre unna skulekutta, men slår ring om knapt halvparten av linene som fylkesrådmannen hadde foreslått å leggje ned eller å flytte. Dei vil heller ta meir på samferdsel enn å svekkje mangfaldet og det desentraliserte tilbodet.

Problemet er at ein også her må gå etter dei store pengane. Dei ligg i vedlikehald, rutetilbodet på ferjer og buss og i billettinntekter. Også her ligg røyken frå fakkeltoga tungt over saka.

Det har tydelegvis også sløra gangsynet. Fleirtalspartia skjermar delar av rutetilbodet medan dei skubbar takstsjokket framføre seg. Dei trur dei skal sleppe å auke takstane ved at dei skal få meir pengar frå staten.

Regjeringa er ferdig med budsjettet for lengst, og kan ikkje endre på ein bokstav før tidlegast til våren. Stortinget er også snart i mål.

Trua har hjulpe så mange, heiter det, men her balanserer ein budsjettet med tru, håp og røyksignal.

Her må dei ha eit adventsmirakel, elles vil ballongen sprekke allereie når fylkestinget møtes i desember. Då må fleirtalet anten trylle fram 30 nye kuttmillionar, skubbe problema framfor seg eller sende rekninga til dei ferjereisande.