Leder

"Må ikkje gløyme barnet si stemme"

Kritikk: Debatten om norsk barnevern har blitt prega av negativ merksemd i utlandet og fleire dommar i menneskerettsdomstolen.  Foto: NTB Scanpix

Leder

Når barnevernet gjer feil, kan det få store konsekvensar for familiar og enkeltpersonar sine liv. Difor er den debatten vi no har om tenesta viktig, etter at Norge nok ein gong vart dømd i ei barnevernssak i Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD).

Barnevernet har godt av eit kritisk søkjelys mot seg, og vi treng ein open debatt om korleis det opptrer og fyller si rolle. Vi kan ikkje ha ei barnevernsteneste som bryt med Menneskerettskonvensjonen og krenkar foreldre sine rettar.


Barnevernet får ny korreks fra EMD – Ropstad lover å lytte

Den europeiske menneskerettighetsdomstolen feller Norge i nok en barnevernssak. Dommen kan få betydning når regjeringen skal legge fram ny barnevernslov.


I denne debatten må vi likevel ikkje gløyme kven barnevernet er til for. Det er alltid barna som er den svake part.

Norge har den seinare tida hatt svært mange saker for menneskerettsdomstolen. Norsk barnevern har også fått stor negativ merksemd i utanlandsk presse, blant anna i Polen. Påstandar om at Norge "konfiskerer barn" frå arbeidsinnvandrarar har ført til sterke reaksjonar, også frå offisielt politisk hald.

Mykje av denne merksemda er bygd på mytar utan forankring i fakta. Fakta er at norsk barnevern korkje har høgare eller lågare terskel enn samanliknbare land for å gripe inn med omsorgsovertaking. I land som Finland og Sverige er det til dømes oftare slike inngrep enn i Norge, medan Tyskland, Danmark og Austerrike ligg på om lag same nivå.


Staten forsvarte vedtak om tvangsadopsjon – stoppa av Strasbourg

Det starta med at ein kommune på Nordvestlandet fremma sak med sikte på å frata ei mor foreldreansvar. Saka gjekk heilt til den europeiske menneskerettigheitsdomstolen (EMD).


Professor Marit Ski ved Universitetet i Bergen seier til Bergens Tidende at ein grunn til at Norge har mange slike saker for EMD, er at det norske systemet har betre klageadgang og at norske advokatar har "funne vegen til Strasbourg".

Dessutan har norsk barnevern eit klarare fokus på barna sine rettar og oppvekstvilkår enn land der barnevernet først grip inn når det er fare for liv og helse. Både Skivenes og tidlegare barneminister Linda Hofstad Helleland (H) meiner at Norge her ligg i front, og at andre land er i ferd med å følgje etter.

Ei medverkande årsak til den negative merksemda norsk barnevern får internasjonalt, er altså at det blir samanlikna med barnevern som berre grip inn i svært grove saker.

Kritikk som har slikt utspring bør norsk barnevern leve godt med. Sjølvsagt må barnevernet ha rutinar, ressursar og kompetanse som tryggar kvaliteten på tenesta, og særleg i saker med svært inngripande tiltak.


Rapport: Barnevernsansatte mangler kompetanse

80 prosent av de ansatte i barnevernstjenesten skal ha utdannelse på masternivå innen ti år, anbefaler en rapport fra Bufdir. Nå er det 8 prosent som har det.


Framleis er sanninga likevel at dei største feilgrepa er sakene der ingenting blir gjort. Landsforeningen for barnevernsbarn åtvarar mot ein polarisert debatt der barnet si stemme blir gløymd. Det er ei viktig åtvaring.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Leder