Langsiktig, systematisk arbeid for tryggare trafikk nyttar. Det er ikkje utan grunn at Norge er mellom dei landa i verda med færrast dødsfall i trafikken. Likevel må vi berre jobbe hardare.

Sjølv verdas beste har meir å gå på. Der vi kjem dårlegast ut, må vi skjerpe oss mest.

Norge er mellom dei landa der talet på omkomne syklistar aukar mest. I ei tid der det er ei prioritert oppgåve å få fleire til å nytte sykkel til transport, må vi gjere meir for å trygge denne trafikantgruppa.

I ein fersk rapport slår OECD fast at Norge er det landet i verda som har færrast dødsfall i trafikken målt i høve til folketalet. Norge toppar lista blant dei 40 landa som er undersøkt saman med Sverige, Sveits, Storbritannia og Danmark. I USA er til dømes risikoen nær seks gongar så høg.

I fjor omkom 108 personar i trafikkulykker i Norge. I 2002, det året den såkalla nullvisjonen vart vedteken, var talet på trafikkdrepne 310.

Det er liten tvil om at ein målretta innsats med eit breitt sett av tiltak er årsaka til den norske suksessen. Når årsakene til ulykkene er mange og samansette, må også tiltaka vere det.

Difor må alt frå haldningskampanjer, styrkt kontrollinnsats, strengare krav til køyretøy og fysiske tiltak på vegnettet spele saman samtidig for at vi skal nærme oss målet i nullvisjonen. Slik må vi også tenkje når vi ser på trafikktryggleiken for syklistar.

Alle dei store byane i Norge har høge ambisjonar for vekst i persontransport med sykkel, ut frå omsynet til klima, miljø og trafikkavvikling. Også i bypakke-planane i Ålesund, Kristiansund og Molde ligg det ein slik ambisjon.

Samanliknar vi dei to siste tiårsperiodane ser vi at talet på hardt skadde og drepne syklistar har auka med over 60 prosent.

Syklistar er mjuke trafikantar, og vil ikkje kunne få tilsvarande gevinst som bilistane har hatt gjennom den teknologiske utviklinga. Vi kan nok framleis gjere meir i det haldningsskapande arbeidet, men det er liten tvil om at det som vil ha størst effekt er fysiske tryggingstiltak i form av sykkelfelt og sykkelvegar.

Det vil koste, men meiner vi alvor med miljøambisjonane, må vi også vere villige til å ta ein større kostnad for å gjennomføre dei.