Nokre set ekstra tydelege spor etter seg gjennom sitt livsvirke og ekstraordinære innsats. Krigshistorikar og motstandsmann Ragnar Ulstein (99) var ein av desse.

Krigsinnsatsen hans, arbeidet med å dokumentere krigshistoria og engasjementet for krigsfangar og krigsveteranane gjer at også hans eige namn blir ståande att i vår historie – ikkje fordi han framheva seg sjølv, men på grunn av måten han framheva andre.

No er også han gått bort. Med det har vi mista ein av dei siste som sjølv risikerte alt i kampen mot den nazistiske okkupasjonsmakta. Etter krigen la han ned ein stor innsats for å løfte fram verdien av den fridomen vi vann. Livsverket hans bør få eit varig minnesmerke også i Ålesund.

Ragnar Ulstein var berre 21 år gamal då han rømde til England. Han vart med i Kompani Linge. Han var med på fleire dristige og farlege operasjonar tilbake i det okkuperte Norge. Eit halvår før krigens slutt vart han også sett til å leie oppbygginga av Milorg-styrkane i Sogn.

Etter krigen deltok han i Tysklandsbrigaden før han tok opp arbeidet som forfattar, historikar og journalist. Han forfatta fleire bøker og verk om norsk krigshistorie, mellom dei «Englandsfarten» og «Svensketrafikken». Han engasjerte seg også i kampen for at dei som hadde sete i tysk fangenskap skulle få erstatning og for retten til krigspensjon for skadde krigsveteranar.

I dag har vi lett for å ta vår velstand, fridom og demokratiet for gitt. Ulstein visste at vi ikkje kan det. Gjennom sitt livsverk viste han oss kva andre har ofra for at vi kan leve som vi gjer og at dette er verdiar vi må vere villige til å kjempe for.

Både for krigsinnsatsen og arbeidet med å dokumentere og formidle krigshistoria har Ulstein motteke heider, medaljar og prisar. Han har teke imot utmerkingar frå det offisielle Norge, frå det britiske forsvaret og frå andre som har sett verdien i det han har ofra og gitt.

Tidlegare i år var han og kona med då eit farty til dei norske spesialstyrkane vart gitt hans namn, og i fødebygda Ulstein er det reist ei byste over han.

Ulstein var sjølv mest oppteken av å løfte fram andre sin innsats. Ålesund kommune, som var heimkommunen det meste av livet hans, bør i same ånd heidre Ulstein sin innsats med eit varig minnesmerke – for å minne oss om dei som var villige til å ofre alt for det vi no har.