Regjeringa har nyleg vedtatt å opprette ny ytringsfridomskommisjon, og det er i utgangspunktet positivt. Det er 20 år sidan den førre kommisjonen, som vart leia av Francis Sejersted, la fram utgreiinga «Ytringsfrihed bør finde Sted». Kommisjonens solide arbeid førte til lovmessig styrking av ytringsfridom, og paragraf 100 i Grunnlova vart oppdatert. Mykje har skjedd sidan 1999 som har fått stor betydning for samfunnsdebatten, til dømes framveksten av sosiale medium, karikaturstriden, bruk av terror for å stanse religionskritikk, og systematisk spreiing av falsk informasjon.

Den sterke rolla som globale teknologiselskap, som Facebook og Google, har på formidling og redigering av innhald, bør bli eit sentralt tema for den nye kommisjonen. Internasjonalt samarbeid er nødvendig for å hindre at gigantselskapa får stadig større kontroll over meiningsdanninga.

Kulturminister Trine Skei Grande (V) presenterte for vel ei veke sidan mandatet til kommisjonen. Dei skal mellom anna skal vurdere nye tiltak som kan styrke samfunnsdebatten. Medlemmane i kommisjonen skal nemnast opp over nyttår, og dei får ei svært viktig rolle.

Vi ser behovet for ein ny kommisjon, ikkje minst på bakgrunn av den rivande teknologiske utviklinga dei siste 20 åra. Samtidig er det viktig å vere på vakt mot nye forslag som i praksis kan innskrenke fridomen. Norge har i dag ein velfungerande rettsleg regulering av ytringsfridom, og den må ikkje bli svekka.

Det er mange problemstillingar som skal drøftast i kommisjonen. Hatefulle, diskriminerande og krenkande ytringar fører til at mange let vere å delta i den offentlege debatten. Det er svært alvorleg. Ein kan likevel ikkje la rammene for samfunnsdebatten bli definert av dei som lettast blir krenka. Då er det mange tema som ikkje kan diskuterast offentleg, og det vil vi alle tape på.

Frie ytringar er avgjerande for at demokratiet skal fungere. Ytringsfridom gjer det muleg for oss å søke etter sannheit gjennom meiningsutveksling, slik at påstandar kan bli korrigert i konfrontasjon med andre meiningar. Ved å undersøke saker frå ulike vinklar, ved å lytte til kvarandre, kan vi sjå nye samanhengar og oppnå ny innsikt. Håpet er at den nye ytringsfridomskommisjonen kan bidra til større bevisstheit rundt verdien av denne fundamentale menneskeretten, som aldri må takast for gitt.