For eit halvt år sidan meinte fylkespolitikarane i Møre og Romsdal at det ville bli altfor dyrt for næringsliv og pendlarar å la passasjerar reise gratis med ferjene med autopass-ordninga. No innfører dei likevel dette.

Gratis ferjereiser for passasjerane betyr 100 millionar i tapte billettinntekter. Dette må dekkast inn på andre måtar. Ingen ting i dette reknestykket er endra det siste halvåret.

Andre må plukke opp denne rekninga. Likevel vel altså fleirtalet i fylkestinget å snu.

Etter at fylkesrådmannen la fram sine kuttframlegg i november, har politikarane vorte under sterkt press, mellom anna frå ferjebrukarar. No går politikarane bort frå framlegget om å auke ferjebilletten med ei takstsone, og kuttar heller 30 millionar på andre måtar.

Auka kostnader i form av allereie vedtekne takstaukar og innføring av autopass på ferjene, slepp dei ferjereisande likevel ikkje unna. At det ikkje blir like ille som det kunne ha blitt, er kanskje ei trøyst.

Eit argument for å snu i autopass-saka er det likevel ikkje. Er du uskuldig dømt til fengsel i eitt år, og så blir den utvida til to år, blir ikkje dommen rettferdig av å bli redusert til eitt år att. Det svir framleis like hardt.

Så kan fleirtalet i fylkestinget hevde at det ikkje er ei heilt identisk ordning dei no seier ja til. Betre rabattordningar for næringslivet vil lette smerta for bedriftene. Fylkestinget vil også senke terskelen for å kjøpe rabattkort, og foreslår også etterskotsbetaling ved å kople autopass mot kredittkort.

Dette er heilt klart med på å gjere ordninga betre, men endrar heller ikkje sluttsummen. At fleire får rabatt, gjer ikkje den mindre. Framleis skal 100 millionar i tapte inntekter dekkast inn. Etterskotsbetaling og senka terskel for rabattkort er også berre intensjonar, og må godkjennast sentralt før det kan innførast.

Sjølvsagt er ikkje alt gale med autopass-ordninga. I den grad det kan bidra til å redusere biltrafikk, auke samkøyring og kollektivbruk, så er det positive gevinstar. Dette endrar likevel heller ikkje reknestykket, men gir berre fleire ukjende i formelen.

Nokon må framleis dekke inn dei 100 millionane i ei ferjedrift som fylkespolitikarane hevdar er underfinansiert med minst 150 millionar kroner. Tar ikkje andre ferjereisande den rekninga, må den dekkast inn med andre kutt i tenestetilbodet.