Boris Johnson rydda bordet i det britiske parlamentsvalet, og Labour har gjort sitt dårlegaste val på 84 år. Dette vil setje varige spor i både britisk og europeisk historie.

Først og fremst betyr dette ei endeleg avklaring på den uendelege striden om brexit. Tre år i limbo går mot slutten. Parlamentet vil i løpet av kort tid kunne godkjenne brexit-avtalen med EU, og Storbritannia vil forlate unionen i slutten av januar.

Dessutan er kursen for britisk politikk lagt for lang tid framover. Labour er nede for telling, og vil neppe klare å reise seg til eit nytt val i 2024 heller. Det konservative partiet kan altså bli sitjande ved roret lengre enn under både John Major og Margaret Thatcher.

For veljarar på begge sider var det avgjerande å få ein slutt på tre års utmattande kamp og eit handlingslamma parlament. Til og med i Brussel er kommentarane prega av at folk er letta over avklaringa.

For alle som trur på den fredsskapande effekten av og styrken i eit samla Europa, er dette ein trist dag. No var det likevel naudsynt å kome vidare.

Forhandlingane om dei endelege vilkåra i samarbeidet mellom EU og Storbritannia kan starte. Dette vil ikkje berre bli enkelt. Enkelte meiner det er heilt urealistisk å få på plass ein frihandelsavtale med EU innan utgangen av 2020.

Johnson kan kome til å streve med å innfri lovnadane både frå brexit-valet og denne valkampen.

I tillegg har han trøbbel i nord. Der har det skotske nasjonalistpartiet kome styrka ut. Partiet har fått igjen kraft i kravet om ei ny folkeavrøysting om sjølvstende. Kampen David Cameron vann før han tapte slaget om Europa, kan kome til å blusse opp på ny. Johnson kan altså som Cameron bli nøydd til å slåst for å halde landet samla.

Avklaringa i valet ser likevel først og fremst ut til dominere reaksjonane, og vil bidra til å skape ro i marknadane. Det er viktig. Usikkerheita har vore det verste. No er den redusert, og pundet svarte straks med å styrke seg.

For norsk næringsliv er det viktig at regjeringa er klar i startblokka for å få på plass permanente avtalar med Storbritannia. Vi står overfor eit meir splitta Europa enn før, men britane er framleis blant våre viktigaste naboar, handelspartnarar og allierte.