Måndag fekk helseminister Bent Høie (H) overlevert forslag til ny modell for inntektsfordeling mellom regionale helseføretak. Den nye modellen fører til at Helse Vest får litt meir, og dei andre helseføretaka noko mindre. Statsråden trur ikkje det blir bråk av dette. Årsaka er at alle helseregionane har vore representert i utvalet, og samtlege har stilt seg bak forslaga, som no blir sendt ut på høyring. Det betyr at alle kan kome med innspel før ny modell blir vedtatt.

Det er staten som overfører midlar til dei fire helseregionane, som deretter har eit sjølvstendig ansvar for å fordele kronene mellom eigne føretak. Vi meiner det er svært viktig at det no blir gjennomført ein kritisk gjennomgang av korleis sjukehuskronene blir fordelt mellom fylka.

Sunnmørsposten har ved fleire høve peika på at inntektsfordelinga i Helse Midt-Norge har vore skeiv i favør av Trøndelag. Denne feilen må rettast opp. Sjølv om det er rundt 50.000 fleire innbyggarar i opptaksområdet for St. Olavs hospital enn i Møre og Romsdal, så er det vanskeleg å forstå at dette skal gi ein forskjell i grunnløyvingane på fleire milliardar kroner. Det kan heller ikkje vere rett at rolla som universitetssjukehus skal bli vekta så mykje tyngre i Trondheim enn i Bergen. Helse Møre og Romsdal har eit kostnadsnivå som er under gjennomsnittet i Norge, medan både St. Olavs og Helse Førde driv dyrare, målt i kostnad per DRG-poeng.

Helseføretaka har som formål å yte gode og likeverdige spesialisthelsetenester til alle som treng det, når dei treng det. Pasientane i Møre og Romsdal har behov for likeverdige tilbod med andre i helseregionen når det gjeld PCI (behandling av hjarteinfarkt) og PET-skanning (bildediagnostikk som mellom anna kan kartlegge tidleg kreft). Helse Midt har vore svært lite interessert i å bidra til at desse tilboda blir etablert ved sjukehuset i Ålesund, derfor er det bra at lokale krefter engasjerer seg.

Det er positivt at dei folkevalde i Ålesund står samla bak kravet til Helse Midt om meir rettferdig rammefordeling, og at utviklingsplanane for sjukehusa i Ålesund og Volda må få like sikre garantiar som bygginga av det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal. No er det tid for å stå saman for å sikre forsvarleg og framtidsretta sjukehusdrift.