Mange menneske på Sunnmøre slit med å få endane til å møtast. Dette er ekstra vanskeleg i jula, når kontrasten til alle som lever i overflod blir så stor. Derfor er det positivt at det finst ulike hjelpetilbod som kan supplere dei offentlege tenestene. Sunnmørsposten skreiv nyleg om hjelpegruppa for Ålesund og omegn som i år skal dele ut 73 matkasser til jul, nesten dobbelt så mange som i fjor. Om det betyr at behovet er blitt større, eller at tilbodet er blitt betre kjent, er uvisst. Men utan denne støtta, ville fleire menneske grua seg til jul.

Svært mange opplever periodar i livet med dårleg økonomi. Det kan ha samanheng med samlivsbrot, sjukdom, rusproblem eller andre forhold som snur livet opp ned. Cecilie Sæther er ei av dei som har opplevd å stå på bar bakke, utan pengar til å dekke dei mest grunnleggande behova. Det var slik ho kom i kontakt med Hjelpegruppa, som ho no er leiar for. På bakgrunn av eigne erfaringar, vil ho hjelpe andre. Det står det stor respekt av.

Julegryta til Frelsesarmeen er eit anna verdifullt tiltak. I fjor delte Frelsesarmeen på landsplan ut 18.000 julegåver og gav julemiddag til 3.600 personar, takka vere pengane som folk har gitt i julegryta. Tradisjonen med julegryter starta i San Francisco på slutten av 1800-talet, og har seinare spreidd seg over heile verda. I Ålesund blir det kvart år samla inn tusenvis av kroner på denne måten.

Det er ikkje berre mangel på mat, som kan gjere livet vanskeleg. Mange saknar fellesskap med andre. Bymisjonssenteret i den tidlegare Metodistkirka i sentrum, tilbyr møteplass for alle heile året. Hos Kirkens SOS er det alltid nokon på vakt, natt og dag, som sit klare til å ta imot samtalar med menneske som kjenner seg einsame eller opplever krise i livet. Det er godt å vite at det finst medmenneske som bryr seg, og som har tid til å lytte.

Foreininga Suppebilen i Korsatunnelen har blitt eit unikt og inkluderande fellesskap. I tillegg til å dele ut gratis suppe kvar fredag, har dei restaurert båten Parat III, som har gitt mange ein meiningsfull kvardag. Parat-gjengen gjer no ein stor innsats for andre.

Godheit er smittsamt, og skaper positive ringverknadar. Folk har ulike behov. Derfor er det fint med ulike organisasjonar som kan bidra med forskjellige tiltak. Jula handlar nettopp om at vi skal bry oss om kvarandre.