Alle kan kome til å stå utan arbeid og trenge hjelp. Tap av arbeid gir ikkje berre økonomiske utfordringar. Det kan også rokke ved tryggleiken, helsa og sjølvkjensla til den enkelte og kan bidra til samfunn med sosial ustabilitet.

Retten til arbeid og vern mot arbeidsløyse er ein grunnleggande menneskerett som også er forankra i grunnlova Grunnlova. Den pålegg styresmaktene å leggje tilhøva til rette for at «ethvert arbeidsdyktig menneske kan tjene til livets opphold ved arbeid eller næring».

Arbeidsløysa vi går inn i denne julehøgtida med, er den lågaste på ti år. Vi må tilbake til tida før finanskriseåret 2008 for å finne like låge tal som i 2019. Utsiktene framover er også gode. Likevel bør vi ikkje seie oss nøgde.

Meir enn 30 andre europeiske land har høgre arbeidsløyse enn i Norge., i mange av dei fleire gongar så høg. Land som Hellas, Spania, Italia og Frankrike står overfor langt større utfordringar enn oss. Det slår ut i sosial uro og press mot velferdsordningar.

Arbeid er grunnlaget både for vår eigen private velferd og for offentlege velferdsordningar.

Når franske arbeidarar nærast har lamma landet i storstreik, så er det nettopp på grunn av aukande ubalanse mellom verdiskaping gjennom arbeid og finansiering av svært gunstige pensjonsordningar. Når nær ein kvart million unge grekarar har forlatt sitt eige heimland det siste tiåret, er det ei flukt frå fattigdom som skuldast høg arbeidsløyse.

Og sjølv om arbeidsløysa er på sitt lågaste sidan våren 2008 også i euro-sona, snakkar vi framleis om den tapte generasjon i Spania. Der er kvar tredje under 25 år er arbeidslause. Dette har bidratt til populistiske parti sin vekst, svekka tiltru til demokratiet, tap av framtidstru og ei forgubbing av arbeidsstyrken.

Nav sine siste tal fortel at det i Norge er 2,7 prosent arbeidsløyse. I Møre og Romsdal er talet nede i to prosent, og over halvparten av kommunene er godt nede på eittalet.

Likevel kan vi ikkje seie oss nøgde. Jobben med å halde det slik, må halde fram. I tillegg må vi få fleire ut av andre frå trygd til arbeid. Prognosene fortel at folketrygda sine utgifter vil auke med 100 milliardar dei neste ti åra. Skal vi finansiere dette, må fleire i arbeid. Alternativet er at vi blir ståande i ein økonomisk spagat med større skilnader mellom folk.