Kvar veke tar meir enn ti menneske i Norge sitt eige liv. Globalt er sjølvmord ein av dei viktigaste dødsårsakene blant yngre vaksne. Meir må og kan gjerast for å få tala ned. Større openheit er ein god start.

I døgnet etter at det vart kjent at forfattar og tidlegare ektemann til prinsesse Märtha Louise, Ari Behn (47), hadde teke livet sitt, var pågangen til hjelpetelefonane stor. Det syner at mange slit med sjølvmordstankar, og at openheit kan føre til at dei lettare søkjer hjelp.

Heldigvis er det i dag blitt meir vanleg å omtale og snakke om sjølvmord enn det var berre for få tiår sidan, men enno er temaet i altfor stor grad er omgjerda av tabu. Difor er openheit viktig, og det står stor respekt både av Behn sin nære familie og Slottet for at dei vel å vere så opne midt i tragedien.

Sjølvmord kan forebyggast, men vi må altså ha mot til å vere opne om det. Mange som prøver å ta sitt eige liv har ofte bore sjølvmordstankane åleine i lang tid, utan å fortelje det til nokon.

Å fjerne tabu kan senkje terskelen for å søkje hjelp. Det kan også gjere det lettare for andre å stille opp for å hjelpe. Ein treng ikkje vere psykiatar eller psykolog for å syne at ein bryr seg, for å vere ein som lyttar. Når der først er openheit, er dette det første grunnlaget finne løysingar.

Det gjeld ikkje berre på det individuelle plan.

Vi må også løfte temaet fram i den offentlege debatten. Årleg døyr snart seks gongar så mange på grunn av sjølvmord som av trafikkulykker. Kampen for å forhindre sjølvmord får likevel på langt nær like stor merksemd som arbeidet med å hindre trafikkulykker. Her må ei sterkare prioritering av psykisk helsevern til.

Om meir openheit senkar terskelen for å søkje hjelp, må vi samstundes syte for at terskelen for faktisk å få profesjonell hjelp også blir senka. Då må kapasiteten også hos helsesøstre, psykologar og psykiatriske poliklinikkar verte betre.

Sjølvmord og trafikkdødsfall er dessutan begge komplekse tema, og vi må ha breidde i tiltaka for å få gode resultat. Ei enkelt tilnærming kan ikkje åleine ha avgjerande verknad. Tiltak i helsevesenet må ha støtte frå tiltak frå sektorar som blant anna arbeidsliv, utdanning og skule, politikk og media.

Tankar om sjølvmord er inga privatsak. Ingen skal trenge å vere åleine om dei.