2020 blir eit nytt rekordår for cruise-trafikken til norske fjordar. Før rekna vi slike rekordar som ein grunn til å juble. Det er endra dei seinare åra.

Fleirtalet ser no at det driv krevjande utfordringar i kjølvatnet av rekordane. Særleg for svært attraktive hamner og reisemål, som Geiranger, er presset til tider for høgt og gevinsten lokalt for liten.

Desse utfordringane må vi angripe, men ikkje alle angrep er like gode.

Så langt er det varsla 213 cruisebesøk i Geiranger i 2020. Fjorden er allereie «full» 36 dagar denne sesongen. Eitt av skipa som gjestar Geiranger, Ålesund, Hellesylt og Olden denne sesongen er nybygde «Iona». Dette skipet har åleine plass til 5.200 passasjerar.

Aukande cruise-trafikk er ei belastning på miljøet lokalt og klimaet. For stort besøk kan også bidra til å øydeleggje attraktiviteten til reisemål, særleg der turistane kjem for å oppleve storslagen, urørt natur og små, unike lokalsamfunn.

Sjølv om næringa sjølv tek grep for å gjere sitt avtrykk på klima og miljø mindre, er det på tide med både regulering og andre tiltak — også utover dei som allereie er innført eller varsla.

Vi bør også arbeide for å spreie trafikken på fleire destinasjonar, og leggje til rette for at lokalt næringsliv skal sitje att med større gevinst.

Akkurat det kan ikkje reguleringar hjelpe oss med, slik mellom anna SV foreslår. Partiet vil tvinge reiarlaga til å handle mat og tenester frå norske leverandørar for at dei skal få besøke norske reisemål. Det er ein dårleg idé.

I staden bør vi arbeide for å gjere det meir attraktivt for både operatørane, reiarlaga og turistane å bruke meir pengar i norske hamner.

Ingen skal seie at det er ein enkel jobb. Cruise-skipa stiller med heilt andre løns- og skattevilkår i konkurranse med norsk, landbasert reiseliv. Skipa er også stadig meir sjølvforsynte, nettopp for at turistane skal leggje att mest mogeleg av budsjettet sitt om bord. Ein fersk rapport syner at dei vinn fram med det.

At eit skip som «Iona» har eige gin-destilleri om bord, seier sitt, sjølv om akkurat den industrien ikkje står særleg sterkt i Sunnmørske hamner.

Likevel er det berre ved å styrke tilbodet av varer, tenester og opplevingar kan vi få ein større del av turistane sine feriebudsjett til å ligge att her. Vi har nok av konkurransefortrinn å spele på.