Ei av sakene som skal behandlast av Stortinget på nyåret er forslaget til ny medieansvarslov. Dette er ei lov som ein samla mediebransje har jobba i mange år for å få på plass. Årsaka er behovet for å modernisere og gjere lovverket plattformnøytralt. I dag er redaktøransvaret avgrensa til trykt skrift og kringkasting, og det skaper uklare ansvarsforhold i digitale medium. Ytringar som kan vere ulovlege på papir, kan vere lovlege på nett.

Alle medium som er omfatta av lova skal ha ein redaktør. Redaktørens straffansvar for lovstridige ytringar blir gjort endå tydlegare. Poenget er at det skal vere enkelt for publikum å vite kven som kan stillast til ansvar for innhaldet. Dette er blitt ekstra viktig i ei tid med løgnfabrikkar på nett.

Ein del nettstadar som spreier falsk informasjon har ingen redaktør, og oppgir ingen kontaktinformasjon. Eit døme på det er «Aftenstidende.com» som vart registrert i Buskerud for eit par år sidan. Både namn og logo kunne til forveksling minne om Aftenposten når sakene vart delte i sosiale medium. Det førte til at mange vart lurt og hissa seg opp over saker som viste seg å vere oppspinn, til dømes at demensavdelingar skulle gjerast om til asylmottak. No er denne nettstaden borte, men andre har kome til. Derfor er det viktig å ha eit kritisk forhold til kvar ein hentar informasjon.

– Denne lova er eit forsøk på å skilje mellom skitt og kanel, sa kulturminister Trine Skei Grande, då ho presenterte lovforslaget. Ho peika på at desinformasjon og hatefulle ytringar trugar den opne og frie samfunnsdebatten som demokratiet vårt bygger på. Redaktørstyrte medium som vi kan ha tillit til, er ein viktig del av forsvarsverket. Derfor er det nødvendig å verne om redaktørinstituttet for å sikre den frie og uavhengige journalistikken.

I forslaget til ny medieansvarslov er det også lagt opp til nye reglar for innhaldet i kommentarfelt eller på ulike diskusjonsforum på mediehusets eigne sider. Redaktøren har ansvar for å følge opp, men unngår straff dersom det lovstridige innhaldet blir raskt fjerna.

Det er eit godt gjennomarbeida lovforslag som no er sendt til behandling i familie- og kulturkomiteen. Vi håper forslaget får brei tilslutning i Stortinget.