Vi kan halde fram med å stritte imot å ta vår del av klimakutta, men det er ein dårleg strategi. Først og fremst fordi vi påfører kloden alvorlege klimaskadar, men også fordi det er svært dårleg butikk å la vere å omstille seg i tide.

Når Equinor no saman med NHO og LO varslar kraftig opptrapping av klimainnsatsen, er det ei viktig årsak. Statsoljeselskapet er villig til å ta svært tunge investeringar i klimakutt – ikkje fordi det er politisk korrekt, men fordi det er lønsamt.

Målet er at olje- og gassutvinninga på norsk sokkel skal vere utsleppsfri innan 2050. For å nå det målet må Equior og deira partnarar investere rundt 50 milliardar.

Slik skal dei samla klimagassutsleppa frå felta og landanlegga Equinor opererer reduserast med 40 prosent dei neste ti åra, målt mot nivået i 2005. Innan 2040 skal dei samla ha kutta utsleppa med 70 prosent, før dei innan 2050 skal nå nullutsleppsmålet.

Så store kutt vil ha stor effekt på Norge sin statistikk over nasjonale klimautslepp, ein statistikk som vi så langt ikkje har så mykje å skryte av. Sett i høve til både våre næraste naboland og EU ligg vi svært langt bak, sjølv om vi har same prosentvise mål som dei.

Slett ikkje alle finn grunn til å heise flagget av Equinor si satsing. Natur og ungdom kallar det eit «pressestunt frå fossilane», og hevdar det ikkje monnar fordi det er bruken av olje og ikkje utvinninga av den som er problemet.

Det er ei bagatellisering som dette initiativet ikkje fortener å bli stempla med.

Sjølvsagt er det lov å vere utolmodig og arbeide for meir kraftfulle tiltak. Å avvise betydninga av så store klimakutt fordi dei ikkje går langt nok, er derimot ein måte å melde seg ut av den seriøse debatten på.

Oljeindustrien vil framleis eksistere i mange tiår framover, både globalt og i Norge. Så lenge verda ikkje har etablert gode nok alternativ til å dekkje energibehovet, vil fossile energikjelder leve vidare.

Alternativet vil vere for dramatisk for verdsøkonomien. Ikkje minst vil det råke dei som i dag er aller fattigast.

Heller enn å fordøme oljeindustrien uansett kva den gjer, bør miljørørsla heie fram eit selskap som Equinor når det tek mål av seg til å vere i front for å tilpasse seg ei ny framtid. Så bør heller fleire følgje i deira spor. For det er ikkje tvil om at den som heng etter i denne omstillinga, vil vere den som står att som tapar til slutt.