Venstre-skuta skrapar igjen botnen med ei ny sjokkmåling. Det kan sende den sitjande partileiinga farleg nær totalforlis fram mot landsmøtet i april.

I den første partimålinga i år for Aftenposten og NRK scorar Venstre fattige 2,3 prosent, eit fall på 1,2 prosent sidan desembermålinga. Dette er kraftig kost for eit parti som allereie var godt på veg mot ein open leiarstrid i fjor haust.

Krava om eit skifte har vore sterkt, og kandidatane er mange.

For eit parti som Venstre, er det slett ikkje ein uvant situasjon å kjempe mot sperregrensa. Framfor førre stortingsval hadde partiet den sjarmerande målsettinga om å klare to val på rad over streken, og feira resultatet på 4,4 prosent som ein stor siger.

Fire av fem som den gong røysta Venstre, har no snudd partiet ryggen. Det er ein alvorleg situasjon for Venstre, og det er ein alvorleg situasjon for Regjeringa. Held ikkje KrF og Venstre seg flytande, vil det også sjå mørkt ut for Erna Solberg (H) etter valet i 2021.

Difor er innstillinga valkomiteen i Venstre skal leggje fram om knappe to månader så viktig. Partiet treng kraft og det treng ro om det i det heile skal vere håp om å berge regjeringsprosjektet.

Valkomiteen har ingen enkel jobb med å kome fram til ei samrøystes innstilling. Heile leiartroikaen står på val, i tillegg til medlemmar og varamedlemmar til sentralstyret og landsstyret – i alt 27 verv. Då fristen for å kome med framlegg til kandidatar gjekk ut i slutten av oktober, var lista valkomiteen fekk i fanget rekordlang.

Det er uttrykk for minst to ting: Mistilliten til den sitjande leiinga er utbreidd, inkludert til partileiar Trine Skei Grande. Kravet om fornying i leiartrioen er bortimot unisont. Det går dårleg i hop med at heile leiinga ynskjer attval.

Sveinung Rotevatn, Abid Raja og Guri Melby er dei heitaste utfordrarane, og minst ein av desse vil vere i toppleiinga etter landsmøtet i april. Ingen kan i dag seie sikkert at det ikkje fører til Trine Skei Grande sitt fall.

Valkomiteen vil derimot slite med å oppfylle ønsket frå dei som vil skifte henne ut. Det vil vere eit sjansespel utan sidestykke å velje ein leiar som ikkje er sikra plass på Stortinget.

Slik partiet står i dag, er det berre toppkandidaten frå Oslo som er trygg. Den plassen er det Grande som har hatt til no.