Alle som har prøvd å runde hushjørna i Ålesund ein stormdag, veit at det er smart å ta omsyn til vinden bles. Alternativet er likevel ikkje å halde seg heime i omnskroken.

At regjeringa har forstått at den må ta omsyn til veksande folkeleg motstand mot vindkraftutbygging, er bra. Den må likevel våge seg utfor døra, og ha ein vindkraftpolitikk som er til å forstå – både for folk og næringsliv.

I dag framstår denne i beste fall som uklar, i verste fall som sprikande og vinglete.

I fjor haust skrota regjeringa NVE sin nasjonale ramme for vindkraft. Planen var bestilt av Høgre-Frp-regjeringa med Tord Lien (Frp) som olje- og energiminister på oppdrag av eit nær samla Storting.

Håpet var at den skulle vere konfliktdempande.

På dei dryge to åra som gjekk før NVE var ferdig med jobben, eksploderte vindkraftmotstanden midt i eit valår. Regjeringa valde å gjere retrett – i alle fall mellombels.

For det er ikkje slik at regjeringa no er imot vindkraft. Den vil ha meir av det. Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) sa under NHO si årskonferanse denne veka at det er naudsynt.

Også Sylvi Listhaug (Frp), som no sit i Tord Lien sin statsrådsstol, har også dempa retorikken frå valkampen der ho under eit besøk på Haramsøya sa at vindmøller er noko «svineri» som «forsøplar» norsk natur, og at vi ikkje treng straumen frå dei.

I Politisk kvarter onsdag sa ho i debatt med NHO at det er feil å seie ho ikkje støttar vindkraft. Ho vil berre først ha på plass eit system som blant anna gir lokalsamfunna meir å seie og meir igjen for å ønskje vindkraftutbyggarane velkomne.

Samstundes garanterer ho at ho skal ha ryggrad til å stå imot motstand når vedtak først er gjorde.

Det er aldri dumt å justere kursen med ny kunnskap. Politikarar bør lytte til folkeleg motstand, men så må ein klare å skape ein politikk som er konsistent og ligg fast over tid, slik at rammevilkåra blir føreseielege.

Signala no er sprikande og retninga er uklar.

Slik kan det ikkje halde fram. Norge treng ein vindkraftpolitikk med ein tydeleg kurs, der det både er samsvar mellom vilje og ambisjonar og balanse mellom naturvern og satsing.

Ei slik avklaring hastar det å få. Listhaug må ut i stormen og våge å stå i den.