Framstegspartiet sin regjerings-exit sender fire statsrådar frå Møre og Romsdal på dør. Fylket står igjen ribba for statsrådsmakt. Det er for svakt av dei tre gjenverande regjeringspartia.

Fire statsrådar er sjølvsagt ei topping av Møre-laget som vi truleg aldri vil sjå igjen. Null kan likevel ingen i fylket vere nøgde med.

Då Trøndelag stod ribba tilbake for eitt år sidan, slo det ut i opprør og krisemøter i Trøndelag Høgre.

Geografi er viktig i ein regjeringskabal. Nokre tek det for gitt å alltid vere med når korta vert lagde. Trøndelag har hatt minst ein statsråd i regjering i eit halvt hundre år, med unntak av Thorbjørn Jagland si korte regjeringsperiode og det året Linda Helleland (H) no var på gangen.

Møre og Romsdal er ikkje like godt vande. Etter at Karita Bekkemellem (Ap) forsvann ut av Stoltenberg-regjeringa i 2007, gjekk det seks år der fylket berre var representert med to av til saman nær 130 statssekretærar. Det var ei politisk ørkenvandring utanfor makta sine korridorar som aldri bør gjenta seg.

Eit Møre-opprør vil likevel ha lite for seg. Erna Solberg har gitt god plass til fylket så langt, og har framleis sunnmørs-bergensaren Dag-Inge Ulstein (KrF) på laget. Vestlands-dominansen i regjeringa gjer også at ein klagesong frå nordvest vil drukne fullstendig.

Kysten frå Agder til Nordfjord står med statsministeren og ni av 19 statsrådar. Fylke som Innlandet og Nordland står også utan statsrådsmakt. Trøndelag, Viken og Oslo er dessutan klart svakare representert enn Rogaland og Vestland.

Likevel bør folk og politikarar frå Møre og Romsdal vere skuffa.

Utan statsrådar frå fylket går vi glipp av viktige direkte-kanalar inn i regjering. Vi har ikkje lenger folk ved Kongens bord som har inngåande kjennskap til lokale tilhøve, lokale saker eller våre utfordringar og suksessar. Det skadar gjennomslagskrafta.

Fylket må ha ein klar ambisjon om raskt igjen å kome på regjeringslaget. Dit kjem ein ikkje ved å gjere opprør eller vifte med postadressa. Skal Møre og Romsdal ha fast plass på laget, må fylkespartia få fleire inn i A-stallen i sine parti.

Fire Frp-statsrådar i regjering er ikkje ein slump. Her har Frp gjort jobben betre enn andre.