Langt til mål for kampen mot mobbing

Mobbing: Elevane svarar at dei er blitt mobba av enten medelevar, vaksne på skulen eller digitalt av medelevar.   Foto: NTB scanpix (illustrasjonsfoto)

Leder

Talet på elevar som blir mobba i skulen, ser ut til å gå ned. Likevel er det altfor tidleg å feire. Talet på elevar som fortel at dei stadig blir mobba, er framleis høgt.

For dei nær 35.000 som framleis opplever mobbing, er skuledagen like vond. Vi skal aldri tolerere at nokon har det slik – ikkje ein einaste elev, og endå mindre 35.000.

I den grad at nedgangen i mobbetala er eit resultat av styrka innsats mot mobbing, fortel dei oss berre at vi må styrke innsatsen endå meir.


Færre elevar blir mobba

6 prosent av norske elevar svarer at dei vart mobba i fjor. Det er den lågaste delen på 13 år, viser Elevundersøkinga.


Utdanningsdirektoratet presenterte resultata frå Elevundersøkinga 2019 på onsdag. Seks prosent av elevane som har delteke i undersøkinga fortel at dei har vorte mobba av medelevar, vaksne eller digitalt av nokon på skulen – to til tre gongar i månaden eller oftare.

Tala er høgast i det lågaste klassetrinnet som er med i undersøkinga, 5. klasse, og fell gradvis utover i skuleløpet. Mobbetala er dei lågaste som er registrert sidan Elevundersøkinga vart gjennomført første gong i 2007. Tala er ikkje heilt samanliknbare så langt tilbake i tid. Tal frå andre undersøkingar, mellom anna om betre arbeidsro i klasserommet, tyder likevel på at vi kan snakke om ein trend.


Lesarinnlegg:

«Opplæringslovens «mobbeparagraf» – nok ein gong»

Opplæringslovens § 9 A, pkt. 5, «mobbeparagrafen», påbyr at «Den ansatte skal ikke stille spørsmål ved den krenkede elevs subjektive opplevelse. Det foreligger en krenkelse om en elev føler det slik».


Det er god grunn til å tru at intensiveringa av anti-mobbearbeidet dei siste åra har hatt ein effekt. Bondevik-regjeringa lanserte ein nullvisjon mot mobbing med Manifest mot mobbing i 2002. Målet var slutt på all mobbing innan to år.

Slik vart det ikkje, men målet må stå fast.

I 2017 lovfesta Solberg-regjeringa nullvisjonen i Utdanningslova. Samstundes fekk elevar og foreldre styrka klagerett om ikkje skulen tok gode nok grep i mobbesaker. Skulen fekk ei klar plikt til å gjere noko med saker som blir melde inn.

Hausten 2018 vart det også etablert mobbeombod i alle fylke.


Mobbeombud har mottatt 81 henvendelser om barn og unge

Mobbeombudet i Møre og Romsdal har mottatt 81 henvendelser om barn og unge som ikke har det godt på barnehage eller skole.


Det er ein klar samanheng mellom fråvær av mobbing og eit godt læringsmiljø i skulen. Kampen mot mobbing er altså viktig for alle elevar sine skuleprestasjonar. Endå viktigare er likevel omsynet til det enkelte mobbeoffer.

Ingen skal grue seg til å gå på skulen fordi dei vert mobba. Ingen skal vere nøydde til å bere med seg vonde sår frå oppveksten, eit dårleg sjølvbilete eller psykiske lidingar fordi dei har hatt det dårleg på skulen. Alle har rett på ein trygg oppvekst og eit godt skulemiljø.

Kampen mot mobbing må difor trappast vidare opp. Den har ingen sluttdato.