Norsk lov vernar om retten til å kritisere politiske parti, ideologiar og religionar, men forbyr hatefulle ytringar retta mot enkeltpersonar eller grupper. Dette er eit viktig skilje, men det er ikkje alltid lett å vite kvar grensene går mellom lovlege og ulovlege ytringar. To dommar i Høgsterett sist veke gir viktige avklaringar. I begge tilfella kom Høgsterett til at ytringane kan reknast som hatefulle etter paragraf 185 i straffelova.

Den eine saka gjeld ei kvinne i 70-åra som i fjor sommar vart dømt til 14 dagar i fengsel for denne kommentaren i ei Facebook-gruppe: «Fandens svarte avkom reis tilbake til Somalia og bli der din korrupte kakerlakk». Høgsterett var einig med lagmannsretten i at dette var ei grov, straffbar ytring, men meinte samtidig at straffa var for hard. Dommen vart redusert til betinga fengsel og bot på 25.000 kroner, som betyr at kvinna slepp å sone i fengsel.

Den andre saka handla om ein mann i 50-åra som vart dømt til å betale ei bot på 12.000 kroner for to ytringar i ei lukka Facebook-gruppe. Han skreiv : «Det er vel bedre at vi fjerner disse avskyelige rottene fra jordens overflate selv tenker jeg!!» og «ja de forsvinner den dagen disse steppe bavianene reiser dit de hører hjemme!». Mannen meinte kommentarane måtte reknast som religionskritikk, men fekk ikkje medhald. Det er fullt lovleg å kritisere religion, men noko heilt anna er det å omtale menneske som tilhøyrer denne religionen som "avskyelige rotter som bør fjernes".

Dei to dommane er prinsipielt viktige, og vil få betydning for framtidige rettsavgjerder. I eit demokrati må vi tole meiningar vi ikkje liker, og det må alltid vere stor takhøgd i samfunnsdebatten. Men dehumanisering skal vi aldri akseptere. Når menneske blir omtala som skadedyr som bør utryddast, er det all grunn til å reagere, uansett kven som blir utsette for slike karakteristikkar.

Sosiale medium har gitt langt fleire høve til å ytre seg for eit stort publikum, og det er i utgangspunktet positivt. Problemet er at omfanget av hatefulle ytringar har auka dei siste åra. Høgsterett peikar i dommen mot kvinna på at det er viktig at folk blir fortrulege med dei grensene som straffelova set for straffbare ytringar. Å oppmode til forfølging av andre menneske er ikkje lovleg, uansett kvar det skjer.

Dommane avklarer også noko som er lite kontroversielt, og det er at grensene for ytringsfridom er dei same på internett som elles i samfunnet. Nettet er ingen fristad for hat og sjikane.