Om Helse Møre og Romsdal får nok privat finansiering i ryggen, kan det no sjå ut til at Ålesund sjukehus får eit etterlengta PET-CT-tilbod til behandling av blant anna kreft.

I dag må pasientar frå Møre og Romsdal til St. Olavs Hospital i Trondheim for å få tilgang til dette. For mange kan det bety fleire, lange reiser til behandling, og ei stor tilleggsbelastning til ein alvorleg sjukdom.

Mangel på slikt utstyr lokalt betyr også at færre i Møre og Romsdal får dette tilbodet enn i Trøndelag. Slik forskjellsbehandling er i strid med prinsippet om eit likeverdig helsetilbod.

I ei utgreiing som vart gjort i samband med utviklingsplanen for Helse Møre og Romsdal, 2019-2022, vart det slått fast behovet for PET-CT i Møre og Romsdal vil vere på minst 5-600 undersøkingar årleg. Truleg vil dette auke sterkt i åra som kjem.

Men i kampen mot store underskot har terskelen for å få etablert slikt utstyr i fylket vorte høg. Det er ikkje sett av pengar til på langtidsbudsjettet. Ei gruppe politikarar, tilsette i helsevesenet og representantar for næringslivet har difor sett igang ei kronerulling.

Ved årsskiftet hadde denne passert ein million kroner. Men det er framleis langt att. I tillegg å få pengane på bordet, må fagmiljøet ved Helse Møre og Romsdal også etablere eit forpliktande samarbeid med tilsvarande miljø ved St. Olav Hospital.

Sist veke vart det endeleg lagt grunnlag for korleis eit slikt samarbeid kan avtalefestast. Med det er tatt eit viktig steg vidare mot realisering av eit svært viktig tilbod for behandling av både kreft og andre alvorlege sjukdommar i regionen.

Norge har ikkje vore i tet i denne utviklinga, men var snarare ei sinke i Vest-Europa. Det var det ingen grunn til at vi skulle vere. No hastar det å kome seg opp i hovudfeltet att. Å gjere det til eit likeverdig og like tilgjengeleg tilbod til heile befolkninga, er ein del av dette.

Ein kan godt diskutere om det er privat kapital som skal avgjere om ein region får eit slikt tilbod eller ikkje. Dette er i tilfelle ikkje Ålesund åleine om. Også då St. Olavs Hospital fekk sitt tilbod i 2013 og 2015 var private gåver på fleire titals millionar som gjorde det mogeleg.

Klinikksjef Per Erik Tødnes seier han no trur det er spørsmål om tid før Helse Møre og Romsdal får etablert tilbodet. No må alle gode krefter sørgje for at den tida blir så kort som råd.

* Sunnmørsposten skreiv først 5-6000 PET-undersøkingar årleg. Det riktige skulle vere 5-600. Vi beklagar tastefeilen.