Kommunar som ikkje spør eldre som bur på sjukeheimar og deira pårørande om korleis dei har det, sviktar i sitt eige kvalitetsarbeid. At fire av ti kommunar droppar systematiske undersøkingar om dette, er for dårleg.

God eldreomsorg handlar nemleg om mykje meir enn det som kan målast og sjekkast i dei lovfesta systema for internkontroll. Kvalitetssystem som ikkje fangar opp korleis brukarane si oppleving er, har vesentlege manglar.

Kommunane som ikkje har jamlege brukarundersøkingar, går glipp av svært viktig informasjon om kor godt dei gjer jobben sin.

Forbrukarrådet meiner det er på tide at staten set krav til at slike undersøkingar blir gjennomført. Det gjer dei etter ei kartlegging av heile kommune-Norge.

Kartlegginga syner at 173 av kommunane ikkje hadde gjort denne jobben sist dei rapporterte inn tal for dette. I Møre og Romsdal har knapt halvparten av alle kommunane svart nei på spørsmålet, og plasserer seg med dette under landsgjennomsnittet.

Dette betyr ikkje at kommunane ikkje driv kvalitetsarbeid. Det betyr heller ikkje at tenestene har dårleg kvalitet. Men noko viktig manglar.

Kvalitet kan målast på bokvalitet, kompetansen hos personellet, på helsetenestene og sosiale tilhøve og trivsel.

Den «tekniske kvaliteten» er sikkert heilt OK hos dei fleste. Dette skal kommunane ha god kontroll på gjennom lovfesta system for internkontroll. Men kvalitetsarbeidet må handle om meir enn å hindre avvik.

I «Verdighetsgarantien» (2010) er verdiar som sjølvstende, menneskeleg nærleik og aktivitet sterkt vektlagt. Det fysiske og psykiske velværet og det sosiale miljøet er viktig for kvaliteten. Behovet for å bli aktivisert og ha god sosial kontakt blir for dei fleste ikkje mindre av at ein flyttar frå sitt kjende miljø og inn på ein sjukeheim.

Særleg når økonomien er pressa og kravet om effektivitet aukar, kan nettopp denne delen av tilbodet bli ofra. Vi kjenner alle historiene til sjukeheim-tilsette som alltid føler at dei får for lite tid til å gi omsorg, nærleik og aktivisering av bebuarane. Det går ut over livsverd og trivsel.

Sjukeheimane er bustaden til dei som bur der, og det viktigaste målet på kvalitet burde vere livskvalitet. Det fangar ein ikkje opp i mål- og resultatstyring av sjukeheimane. Det fangar ein berre opp ved å lytte til dei som mottar tenestene.

Difor er jamlege brukarundersøkingar så viktige.