Pelsdyrbøndene ser endeleg ut til å få noko som kan likne på full erstatning for at dei blir tvinga til å avvikle. Det skulle berre mangle.

Dette er næringsdrivande som så å seie over natta har vorte fråtekne både livsgrunnlag og livsverk. Då tek det seg ikkje ut at storsamfunnet ikkje gir dei ein real kompensasjon.

At næringa har vore omstridd, betyr ikkje at aktørane i næringa kan straffast kollektivt. At næringa er lita, betyr heller ikkje at ein berre kan køyre over den.

Spørsmålet om kompensasjon har vore fleire runder i Stortinget etter at forbodet vart vedtatt i fjor sommar. Først vart det lagt 350 millionar kroner på bordet, så ein halv milliard og til slutt 840 millionar. Dette er langt unna næringa sitt overslag på 2,3 milliardar for kva avviklinga av næringa vil koste.

Kvar gong har bøndene fått høyre at dei er tilbodne ei god og rettferdig ordning. Heldigvis har Stortinget stilt krav om at dei folkevalde skulle ha ei hand på rattet i denne saka, ei sak som kunne vore avgjort i regjering.

Med Framstegspartiet ute av regjering vart spelereglane brått endra. Partiet har heile tida vore imot å forby næringa, og har også vore svært skeptisk kompensasjonen som har vore foreslått. Difor vart det no duka for at stortingsfleirtalet kunne presse Regjeringa til å opne pengesekken.

Timar før Stortinget skulle behandle eit framlegg frå Senterpartiet om «full erstatning», kom regjeringspartia og Framstegspartiet fram til ei ordning som til og med Senterpartiet kunne støtte. Den viktigaste endringa er at bøndene no kan få erstatning for dei reelle verdiane i anlegga sine, ikkje etter bokførte verdiar, slik det tidlegare er foreslått.

Erstatninga for anlegga skal avgjerast av uavhengige takstfolk etter såkalla ekspropriasjonsrettslege prinsipp.

Mottakinga i næringa er blanda. Etter den behandlinga dei har fått så langt, er ikkje det så rart. Det er ikkje lenger sidan enn i 2017 at Stortinget vedtok å leggje til rette for ei berekraftig utvikling av næringa, for så å snu tvert om to år etter.

I kjølvatnet av dette har så spelet bore preg av at bøndene sjølve skulle bere mest mogeleg av byrden for dette. Det har vore ein småleg og heilt urimeleg handlemåte.

Ein kan framleis stille spørsmål ved om det var rett å forby ei næring, slik det vart gjort. Når dette likevel vart gjort, bør det i alle fall ikkje vere tvil om at storsamfunnet heller er raus enn knipen med kompensasjonen.