Flytilbodet på kortbanenettet er svært viktig for innbyggjarar og næringsliv i distrikts-Norge. Reaksjonane på at flyselskapet Widerøe no kuttar i rutetilbodet, er difor svært forståelege.

Mange stader er fly det einaste realistiske alternativet til transport over lengre distansar. Eit godt flytilbod er difor viktig for bedriftene sine livsvilkår og for at folk skal kunne bo i heile landet.

Når direkteflyet frå Ørsta-Volda lufthamn til Oslo blir borte, får det store konsekvensar for svært mange på søre Sunnmøre.

Widerøe har mellom anna lagt skulda på flypassasjeravgifta når dei no kuttar 4.000 flygingar. I tillegg har dei som andre selskap vorte råka av den generelle marknadsutviklinga i luftfarten, mellom anna med auka kostnader til drivstoff og ei svekka krone.

Widerøe er ikkje det einaste flyselskapet som slit med botnlina. Eit selskap som trafikkerer kortbanenettet kan likevel vere ekstra utsett. Med små fly og eit svakt passasjergrunnlag er det færre passasjerar å fordele dei auka kostnadane på.

Ruta frå Ørsta-Volda lufthamn er i tillegg mellom dei rutene som i 2016 vart teke ut av pakken med statleg kjøpte flyruter på kortbanenettet. Det vart sagt at den kunne drivast kommersielt. Avgjerda var omstridd, og mange frykta at det kunne setje rutetilbodet i fare.

No har vi fasiten. Med endra marknadsvilkår, større press på marginane og auka avgifter kan den ikkje lenger det, i alle fall om vi skal tru Widerøe.

Flypassasjeravgifta har sjølvsagt ikkje heile skulda. Når ei slik avgift kjem på toppen av ei drift der marginane allereie i utgangspunktet er små, er det likevel klart at dette kan vere dråpen som får begeret til å renne over.

Auka kostnader råkar både «subsidierte» og kommersielle ruter, men det er berre ein av stadane selskapet kan kutte kostnadar med å leggje ned tilbod — dei kommersielle rutene.

Ein skal sjølvsagt ikkje svelje kravet om avgiftslette og meir statleg bidrag rått. Ein bør likevel ikkje avfeie Widerøe sine krav og skuldingar som ein rein PR-jippo. Flypassasjeravgifta vart innført utan grundig utgreiing, og det er god grunn til å diskutere om dette er den beste måten å få ned utsleppa i luftfarten på.

Staten kan ikkje stille opp uansett når eit kommersielt selskap slit. Men når ein no står med fasiten i hand, må ein vere villege til å sjå på både avgifta og statlege kjøp av ruter ein gong til — for folk og næringsliv i distrikta si skuld.