Sunnmørsposten meiner:

«Flytilbodet ein livsnerve for distrikta»

Rutekutt: Direkteflyet frå Ørsta-Volda lufthamn til Oslo er blant rutene som Widerøe vil fjerne frå ruteprogrammet sitt.  Foto: Gorm Kallestad

Leder

Flytilbodet på kortbanenettet er svært viktig for innbyggjarar og næringsliv i distrikts-Norge. Reaksjonane på at flyselskapet Widerøe no kuttar i rutetilbodet, er difor svært forståelege.

Mange stader er fly det einaste realistiske alternativet til transport over lengre distansar. Eit godt flytilbod er difor viktig for bedriftene sine livsvilkår og for at folk skal kunne bo i heile landet.

Når direkteflyet frå Ørsta-Volda lufthamn til Oslo blir borte, får det store konsekvensar for svært mange på søre Sunnmøre.


Ørsta/Volda lufthamn Hovden:

Fryktar for flyplassen etter rutekutt

– Dette er alvorleg. Heile kortbanenettet står i fare for å bryte i hop, fryktar Odd Magne Vinjevoll i Utviklingforum Ørsta/Volda lufthamn Hovden.


Widerøe har mellom anna lagt skulda på flypassasjeravgifta når dei no kuttar 4.000 flygingar. I tillegg har dei som andre selskap vorte råka av den generelle marknadsutviklinga i luftfarten, mellom anna med auka kostnader til drivstoff og ei svekka krone.

Widerøe er ikkje det einaste flyselskapet som slit med botnlina. Eit selskap som trafikkerer kortbanenettet kan likevel vere ekstra utsett. Med små fly og eit svakt passasjergrunnlag er det færre passasjerar å fordele dei auka kostnadane på.

Ruta frå Ørsta-Volda lufthamn er i tillegg mellom dei rutene som i 2016 vart teke ut av pakken med statleg kjøpte flyruter på kortbanenettet. Det vart sagt at den kunne drivast kommersielt. Avgjerda var omstridd, og mange frykta at det kunne setje rutetilbodet i fare.


Hareide uroa for konsekvensane av Widerøe-kutt

Flyselskapet Widerøe kuttar 4.000 flygingar i kortbanenettet. Samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) seier han er uroa for konsekvensane.


No har vi fasiten. Med endra marknadsvilkår, større press på marginane og auka avgifter kan den ikkje lenger det, i alle fall om vi skal tru Widerøe.

Flypassasjeravgifta har sjølvsagt ikkje heile skulda. Når ei slik avgift kjem på toppen av ei drift der marginane allereie i utgangspunktet er små, er det likevel klart at dette kan vere dråpen som får begeret til å renne over.

Auka kostnader råkar både «subsidierte» og kommersielle ruter, men det er berre ein av stadane selskapet kan kutte kostnadar med å leggje ned tilbod — dei kommersielle rutene.


Widerøe varsler nye rutekutt i 2019

Widerøe-sjef Stein Nilsen sier 18 av selskapets 23 kommersielle kortbaneruter går med tap og varsler rutekutt fra januar, ifølge E24.


Ein skal sjølvsagt ikkje svelje kravet om avgiftslette og meir statleg bidrag rått. Ein bør likevel ikkje avfeie Widerøe sine krav og skuldingar som ein rein PR-jippo. Flypassasjeravgifta vart innført utan grundig utgreiing, og det er god grunn til å diskutere om dette er den beste måten å få ned utsleppa i luftfarten på.

Staten kan ikkje stille opp uansett når eit kommersielt selskap slit. Men når ein no står med fasiten i hand, må ein vere villege til å sjå på både avgifta og statlege kjøp av ruter ein gong til — for folk og næringsliv i distrikta si skuld.