«Staten må sikre opprydding»

Miljøgifter: Sjøbotnen utanfor fleire område med verft og annan maritim industri har vorte sterkt forureina av utslepp av miljøgifter i lang tid. 

Ingen kan påleggast å rydde opp i andre bedrifter sine gamle synder

Leder

Prinsippet om at den som forureinar må betale for opprydding er både rett og viktig. Eit slikt prinsipp må likevel aldri kome i vegen for å få rydda opp.

13 verft i Møre og Romsdal vart i fjor pålagde å lage tiltaksplanar for korleis sterkt forureina sjøbotn skal sanerast. Alle verfta har klaga på pålegget, og fryktar store kostnadar. Pålegg om å rydde opp vil kunne bli endå dyrare, så dyrt at det kan knekke ryggen på verft.


Torve mener staten må bidra til å ta regning for forurensning

Pålegget fra Fylkesmannen til 13 skipsverft i Møre og Romsdal om kartlegging av lokal sjøbunnsforurensning, og tiltaksplan for å rydde opp, kommer mandag opp som sak i fylkesutvalget.


Fylkesordføraren i Møre og Romsdal vil no be Miljødirektoratet om å bli med på å dekkje kostnadane, både til kartlegging og opprydding. Ho seier til Romsdals Budstikke at dette ikkje må belaste verfta, og fryktar at pålegget kan spreie usikkerheit om framtida til desse bedriftene.

Mange av dei store verfta i fylket har gått med store underskot i fleire år. Dei fryktar no ei miljørekning på fleire titals millionar, kanskje også tresifra millionbeløp.



Havbotnen er sterkt forureina mange stadar der det ligg maritim industri. Verfta har også historisk sett vore ei kjelde til utslepp av tungmetall. Tilsyn dei seinare åra syner at verfta framleis har ein jobb å gjere for å hindre utslepp.

Pålegga dei har fått no handlar likevel mest om gamle synder. Her møter ein også den største utfordringa med prinsippet i Forurensningsloven frå 1981 om at forureinar skal betale.

For det første er det god grunn til å stille spørsmål ved om det er rett å krevje opprydding for utslepp som var heilt lovlege då dei skjedde. Det er eit viktig rettsprinsipp, også nedfelt i Grunnlova, at lover ikkje kan ha tilbakevirkande kraft.


Gamle miljøgifter i Ålesund:

Omfattende opprydding i sjøen - farlig avfall på land blir liggende

Gamle miljøgifter i Skutvika i kategori «farlig avfall» blir fortsatt liggende, selv om Aspevågen får nytt og rent bunndekke.


For det andre kan det vere vanskeleg å fastslå kva som er kjeldene til dei forureina sedimenta på havbotnen. I svært mange tilfelle har det vore industriaktivitet i dei aktuelle områda i fleire generasjonar. Mange ulike bedrifter kan ha skuld eller delvis skuld i utsleppa av giftstoff, også bedrifter som ikkje lenger eksisterer.

Dei som er ansvarlege for ulovlege utslepp, må sjølvsagt gjere opp for seg. Men ingen kan påleggast å rydde opp i andre bedrifter sine gamle synder.


Slik ser det ut på havbunnen i Aspevågen: – Skremmende

– Det er heilt dødt. Her er ikke liv.


Staten har allereie gått inn med opptil 75 prosent av kostnadane til opprydding av 17 hamneområde langs kysten, mellom anna i Aspevågen i Ålesund. Ein må kunne vente at staten stiller opp på same måte andre stadar også. Vi må unngå ein langvarig strid om ansvar utan at noko blir gjort.