Elevar som må halde seg heime frå skulen fordi dei har litt feber, burde i utgangspunktet ikkje måtte springe til lege for å få legeattest på fråveret.

Slike legebesøk er sløsing med samfunnet sine ressursar, og gir unødvendig arbeid til hardt pressa fastlegar.

Framlegget om å fikse dette med å skubbe jobben over på helsesjukepleiarar ved skulane, er heller ingen god idé.

Fråversgrensa som regjeringa innførte for å få ned fråveret i den vidaregåande skulen, fyller snart fire år. I den grad målet var å få elevane til å vere meir på skulen, så har den hatt god effekt. Fråveret har gått merkbart ned.

Så kan ein diskutere om det er bra at sjuke elevar troppar opp i klasserommet eller at elevar som allereie slit, heller droppar ut av skulen. Det siste er ein påstand som enno ikkje er godt nok dokumentert.

Ein bieffekt av den nye fråversgrensa som derimot er grundig dokumentert, er at den har gitt fastlegane meirarbeid. Tal frå Allmennlegeforeninga fortel at fastlegar har ein til to konsultasjonar dagleg av elevar som ikkje treng helsehjelp, men som berre må ha attest for å få gyldig fråver.

For fastlegar som allereie har sterkt arbeidspress, med arbeidsveker på nær 60 timar i gjennomsnitt, er ikkje dette nokon bagatell. Fastlegeordninga er i krise. Kommunane slit med å rekruttere yngre legar til jobben, og mange erfarne legar går også ut av ordninga på grunn av det høge arbeidspresset.

Høgre sin helsepolitiske talsperson, Sveinung Stensland, foreslår å bøte på dette problemet med å skubbe jobben over på helsesjukepleiarane på skulen. Det er faktisk ein like dårleg idé som å tvinge forkjøla elevar til å springe på legekontoret.

Helsesjukepleiarar er for det første framleis mangelvare på mange skular, og dei har heller ingen kompetanse til å stille diagnoser. Meiner Høgre at det ikkje er viktig, kunne oppgåva like gjerne ha vore gitt til kva som helst anna yrkesgruppe på skulen – når ein først ikkje har tillit til elevane eller deira føresette.

Helsesjukepleiarane kan gjere ein viktig jobb for å få ned fråveret i skulen, men då med å drive førebyggjande helsearbeid, jobbe med skulemiljøet og gi eit lavterskeltilbod til elevar som slit med stress, mobbing eller si psykiske helse.

Skal dei kunne gjere den jobben godt, må elevane kunne gå til dei utan å vere redde for å måtte gå derifrå med ein «dom».

Vi må ikkje øydelegge denne viktige rolla ved å setje dei til å vere skulen sine portvaktarar.