Regionreforma skulle flytte makt og oppgåver ut til fylka. Skal det ha truverd og meining framover, må regjeringa også vise at den har tillit til at fylkespolitikarane kan ta gode avgjerder.

Kunnskapsminister Trine Skei Grande (V) bør difor nytte høvet til å skrote framlegget om å innføre fritt skuleval med tvang i alle fylke. Det har ho god støtte for etter høyringsrunden.

Eit stort fleirtal av dei som har gitt høyringssvar, vender tommelen ned for slik tvang. Då bør det vere god grunn til å lytte, særleg for eit parti som elles gjerne kjempar for den lokale sjølvråderetten.

Fritt skuleval betyr opptak til vidaregåande skule basert på karakterar. Mange fylke har i dag ein slik modell. Andre praktiserer nærskuleprinsippet – at eleven som hovudregel skal gå på skulen som ligg nærast.

Regjeringa la i fjor sommar fram forslag om to variantar av fritt skuleval: Heilt fritt skuleval i heile fylket eller val av skule innanfor fastsette inntaksområde.

Argumentet for fritt skuleval er at elevane skal ha valfridom, og ha rett til å søkje seg til skular og tilbod uavhengig av kvar i fylket desse tilboda er.

Blant motargumenta er frykt for at fritt skuleval vil gi ei utvikling der vi står att med A-, B- og kanskje C-skular. I Oslo har vi sett tendensar til dette. På sentrumsskulen Elvebakken fullfører 95 prosent av elevane med bestått karakter. På Ulsrud på Oslo øst er talet 50 prosent.

Skular og utdanningstilbod i distrikta kan også kome i fare. Liner som har knappe søkjartal, kan misse elevgrunnlaget ved at berre nokre få søkjer seg til meir attraktive, sentrale skular. Dei tek altså val som tek frå andre deira valfridom.

Over 80 av dei 139 som har svart i høyringa, er imot slik statleg overstyring. Blant desse er både KS, NHO, LO, elev- og lærarorganisasjonar og fleire fylke – også fylke som sjølv allereie har fritt skuleval, slik som Møre og Romsdal.

Sentralisering av tilbod og større skilnadar mellom skular må altså vegast opp mot prinsippet om valfridomen til den enkelte. Dette er eit spørsmål som politikarar må ta stilling til.

Spørsmålet er kven som er best skikka til å ta avgjerda. Konsekvensane av kva ordning ein vel vil vere svært forskjellig i ulike fylke, mellom anna basert på reisevegar og geografi. Regjeringa bør ha tillit til at også fylkespolitikarar vil det beste for sine elevar.