Eit fleirtal i fylkestinget i Møre og Romsdal går inn for å droppe delar av takstauken på ferjene.

Det er klokt. Etter at fylkeskommunen la fram overraskande gode rekneskapstal for fjoråret, vil det vere vanskeleg å få forståing for noko anna – korkje hos folk flest eller i Regjeringa.

Det siste er særleg viktig i dag, då delegasjonar frå ferjefylka skal møte representantar for fire departement for å be om meir ferjepengar. Vilje til sjølv å bidra handlar om truverd.

Fredag vart det klart at også Senterpartiet har bestemt seg for å skru tilbake prisauken på ferjebilletten. Frå før har både Høgre og Framstegspartiet sagt det same. Med dette er det fleirtal for eit slikt vedtak. Truleg vil fleire hengje seg på.

Fylkestinget i Møre og Romsdal tek då konsekvensen av at fjoråret gjekk ut i eit overskot på over 300 millionar kroner. Med ein slik sum på botnlina vart det svært vanskeleg å få gjennomslag for kravet om at staten må ta fullt ansvar for å løyse krisa.

Eit solid overskot betyr likevel ikkje at fylket er inne i trygt farvatn. Framleis tyngar ferjedrifta den fylkeskommunale økonomien sterkt. Staten sine løyvingar har over tid vore for lite i høve behovet. På toppen av dette kjem innføringa av Autopass og overgangen til utsleppsfrie ferjer.

Utan større statleg medfinansiering er det berre eit tidsspørsmål før dette endar med økonomisk havari.

Både den nye samferdselsministeren, distriktsministeren og statsministeren har gitt klare signal på at dei ser dette og at dei kan vere villige til å finne fram bankkortet til revidert budsjett. Det betyr likevel ikkje at dei vil gi frå seg både kort og kode.

Fylkeskommunane må sjølve bidra og vise vilje og evne til å gjere grep.

Delegasjonen som møter departementa i dag må vere ærlege og konkrete på kva utfordringane er. Eit problem er at dei slett ikkje er dei same for dei største ferjefylka. Dei står heilt ulikt i overgangen til utsleppsfrie fartøy, i fornying av ferjeflåte og kaier og i trafikkgrunnlag på dei fylkeskommunale rutene.

Regjeringa må altså finne eit sett med tiltak for å treffe alle fylka, alt frå eit realt påfyll i Enova-kassa for ein meir klimavennleg flåte til justering av Auto-passordninga og styrking av den nasjonale ferjestandarden.

Alt dette er åleine komplisert nok å få gjennomslag for på ein gong.

Å male krisa med brei, svart pensel etter eit økonomisk rekordår, vil ikkje gjere det enklare å få hjelp.