I eit så samanvevd område som ålesundregionen må samarbeidet vere tett om vi skal kunne løyse felles utfordringar godt. Skal vi få gode transporttilbod, få fleire til å reise kollektivt og få ned klimautsleppa, kan ikkje planarbeidet stoppe ved kommunegrensene.

Samarbeidet dei tre kommunane Ålesund, Sula og Giske har innleia om ein felles plan for areal, klima og transport er difor viktig. Det vil gi ein langt større meirverdi enn om kommunane la kvar sin plan.

Tirsdag hadde dei tre eit historisk, felles formannskapsmøte om planarbeidet. Det kan gi store gevinstar, og ikkje berre i klimakampen.

Statistisk sentralbyrå reknar Ålesund, Sula og Giske som den niande største tettstaden i Norge. Bysentrum har i stor grad ein sentrumsfunksjon også for omlandet. Over kommunegrensene er det stor pendling, både i arbeid og fritid.

Rundt 40 prosent av arbeidsstyrken i Giske og Sula jobbar i Ålesund. Ingen andre stadar i Møre og Romsdal er arbeidspendlinga like stor. Berre pendlinga over den tidlegare kommunegrensa til Skodje var på same nivå.

Regionen er også den staden i Møre og Romsdal med størst folketalsvekst, og den einaste regionen som har potensial til å vere eit reelt regionsenter mellom Bergen og Trondheim.

I alle kommunar er klimautslepp eit relevant tema i kommunal planlegging. Særleg viktig er det likevel der det er stor vekst. Slikt arbeid er då også i gang i mange vekstregionar, blant anna i Grenlandsområdet, Buskerudbyen og Mjøsbyen. Der er det også tett samarbeid om slike klima- og arealplanar.

Skal vi ta vare på vekst og gi rom for å utvikle eit livskraftig næringsliv samstundes som vi avgrensar utslepp og biltrafikk, må vi leggje til rette for at klimavennleg transport blir eit attraktivt alternativ for flest mogeleg. Plassering av næringsverksemd, bustadar og kommunale tenestetilbod har stor betydning for korleis ein lukkast med å få dette til.

Ein må difor ta viktige strategiske diskusjonar om fortetting av bustadbygging, utvikling av meir kompakte tettstadar og modernisering av transportsystem. Slike diskusjonar kan ikkje vere avgrensa av kommunegrenser, men samla for heile bo- og arbeidsmarknaden.

Kanskje er det drygt å kalle det ei månelanding om vi får dette til, men det er i alle fall positivt at dei tre formannskapa har teke plass i same romskip.

For dette handlar om å utvikle ein livskraftig, attrativ region for alle som bor her. Det må vere eit felles ansvar.