Sunnmørsposten meiner:

«Tid for tydeleg leiarskap»

Kriseleiing: Erna Solberg understreka alvoret i situasjonen då ho saman med helseministeren la fram dei mest dramatiske smitteverntiltaka i fredstid etter Andre verdskrig.  Foto: NTB Scanpix

Leder

Korona-epidemien er den mest alvorlege helsekrisa verda har stått i på mange tiår. Konsekvensane er alt alvorlege, krisa er framleis i utvikling og vi må rekne med at dette blir verre.

Pandemien kan berre bremsast om vi alle tar vår del av ansvaret. Saman med styresmaktene må kvar og ein av oss gjere det vi kan for å unngå smittespreiing. No treng vi samordna handling.

Smitteverntiltaka som regjeringa sette i verk torsdag, er avgjerande i denne kampen, og det er avgjerande at vi alle rettar oss etter dei. Tiltaka er dei mest omfattande i fredstid etter andre verdskrigen.


Dei mest dramatiske grepa i fredstid skal bremse koronaepidemien

Noreg blir sett på ein stor prøve, starta statsminister Erna Solberg (H) då ho la fram svært drastiske koronatiltak. Heile samfunnet blir ramma av restriksjonar.


Verdas helseorganisasjon (WHO) bad for ei tid tilbake alle regjeringar om å setje i verk aggressive tiltak for å bremse smitten, halde epidemien under kontroll og unngå ein kraftig topp i smittespreiinga. Ei slik ukontrollert smittespreiing kan sprengje kapasiteten i helsevesenet.

Vindauget verda har for å få dette under kontroll, er svært avgrensa. Tiltaka frå Regjeringa er eit svar på WHO si sterke oppfordring og eit svar på alvoret vi står i.


Talen til statsminister Erna Solberg om koronatiltaka

Dette er talen til statsminister Erna Solberg (H) om tiltaka mot koronaviruset på pressekonferansen på torsdag:


Fleire har kritisert statsminister Erna Solberg for å vere seint ute med å trykkje på «den store raude knappen». Mange har peika på korleis hennar danske kollega handterte situasjonen onsdag.

Hennar krisekommunikasjon var klar og tydeleg. I Norge har vi fram til torsdag hatt ein kommunikasjon som har hatt meir preg av faktaformidling og «gode råd».

Akkurat 24 timar skilnad på når tiltaka er sett ut i livet, er neppe det avgjerande. Vi må ha forståing for at rett timing kan vere vanskeleg, og at det kan vere skadeleg å setje ut tiltak for tidleg eller feil tiltak berre for å syne handlekraft.

'

Den økonomiske kalddusjen held fram i kjølvatnet av viruset

Fleire virusrelaterte restriksjonar bidreg til framleis børsfall. Dei avhjelpande tiltaka som er foreslått hittil, ser ikkje ut til å roe finansmarknadene.


Viktigare er det at tiltaka kjem, og at både folk flest og lokale helsestyresmakter har tillit til dei og forståing for dei.

Om ein slik tillit ikkje ligg i botnen, kan det utgjere ein stor risiko.

Er det mange nok som bagatelliserer bodskapen, kan tiltaka misse effekt. Er det mange nok som fryktar at dette ikkje er nok, kan både privatpersonar og lokale styresmakter handle unødvendig dramatisk. Ugrunna frykt og panikk kan utgjere like stor fare som viruset.


Krisepakke i Stortinget måndag

Stortinget avlyser all anna aktivitet enn det som er strengt nødvendig ut april. Måndag skal den økonomiske krisepakken til regjeringa behandlast.


Vi må handle med både fornuft og med ro.

I ein slik situasjon er det behov for tydeleg kommunikasjon. Bodskapen må vere klar, enkel og faktabasert. Den må understreke alvoret, samstundes som den tener til å skape ro.

Kort sagt no er det behov for ei klar og tydeleg leiing. Det ansvaret ligg først og fremst på statsministeren. Her kan ho ha litt å lære frå Danmark.


Krisepakke i Stortinget mandag

Stortinget avlyser all annen aktivitet enn den strengt nødvendige ut april. Mandag skal regjeringens økonomiske krisepakke behandles.