Sunnmørsposten meiner:

«Rydd opp i lappeteppet av reglar»

Smittegrense: Kryssar du denne grensa frå Vestland kan du greit kome deg til både Vanylven, Volda og Ulstein, men reiser du til Hareid må du to veker i karantene.  Foto: Bengt Flaten / Fjordingen

Om reglane er svakt grunngjevne og regelbrot ikkje blir handheva, kan det føre til at folk sluttar å bry seg

Leder

Korona-epidemien gjer mange av oss urolege. Det er det mange gode grunnar til. Vi treng ikkje fleire.

No er det smart å halde hovudet kaldt, og gjere rette ting til rett tid. Vi bør la faktakunnskap og eit solid erfaringsgrunnlag styre avgjerdene.

Tiltak som vi ikkje kjenner effekten av, bør vi vere varsame med.


Karantenekaos på Sunnmøre skaper forvirring:

Kommuneoverlegar ut mot ulik karantenepraksis

Nokre kommunar følgjer dei nasjonale karantenereglane. Andre lagar sine eigne reglar. Forvirrande, meiner kommuneoverlege.


I det siste har mange kommunar innført eigne smittevern- og karantenereglar. For nokre av desse kommunane kan ein liste opp gode argument for å gjere dette, ikkje for alle.

Helsesetenesta i store hyttekommuner er ikkje dimensjonert for eit smitteutbrot i eit folketal mange gongar større enn innbyggjartalet i kommunen. Hytteopphald er derfor no regulert i det nasjonale regelverket.



Talet på kommunar som har innført eigne restriksjonar og karantenereglar har i tillegg auka kraftig. Sykkylven, Ålesund, Sula og Giske har bestemt at dei som har vore i fylka sør for Dovre, må i heimekarantene, slik dei nordlegaste fylka har bestemt.

Vanylven har gjort unntak for gamle Sogn og Fjordane, medan Hareid har strengare reglar. Her må alle som har vore ute av Møre og Romsdal i karantene. Volda, Herøy og Ulstein held seg til dei nasjonale reglane - altså ingen karantene for folk som berre har reist innan Norden.

Så har vi kommunar, om enn ikkje i Møre og Romsdal enno, som har innført reint opphaldsforbod for folk frå delar av Norge - altså ikkje berre karantenereglar.


Hol ber Heimevernet om hjelp mot hyttefolket

Tusenvis av hyttefolk nekter å forlate Hol kommune i Hallingdal. Nå ber kommunen Heimevernet om hjelp.


Fylkesmann Rigmor Brøste i Møre og Romsdal seier det er uheldig med så mange ulike reglar. Kommuneoverlege Inger Lise Kaldhol i Volda meiner det er forvirrande.

Riksadvokaten har advart mot å kome i ein situasjon der det «unødig opprettes straffesaker».

Omsett til vanleg norsk er det ein beskjed til politi og påtalemakt om å ikkje bruke tid og ressursar på dette. Politimeisteren i Møre og Romsdal seier då også at han ikkje kjem til å prioritere slike saker.


Du kan bli bøtelagt dersom du bryt karantenereglane, men sjansen for å bli tatt er så langt liten:

Slik vil politiet handtere karantenebryting


«Forvirrande» er berre fornamnet på det lappeteppet av reglar vi no ser. Resultatet kan bli både uheldig og farleg.

I beste fall kan vi få redusert reiseaktivitet. Det er bra for å hindre smittespreiing. Den negative effekten kan likevel bli at folk får problem med å halde oversikt over reglar som skiftar for kvar kommunegrense.

Om reglane er svakt grunngjevne og regelbrot ikkje blir handheva, kan det føre til at folk sluttar å bry seg - også om reglar vi absolutt må rette oss etter. I ei krise som vi har no, kan det vere farleg.


Helse Møre og Romsdal har bedt om 20 respiratorer - så mange har sjukehusa i dag

Helseforetaket har bedt om cirka 20 nye respiratorer for å øke kapasiteten i forbindelse med koronaepidemien.


Vi treng eit oversiktleg, tydeleg og enkelt regelverk som er lett å forstå, lett å handheve og som blir respektert.

Kvar enkelt kommune har gode intensjonar, men her bør vi ha sterkare nasjonal styring.

Vi treng tydeleg leiing.