Sunnmørsposten meiner:

«Mangel på kriselager gjer oss sårbare»

Smittevern: Mangelen på tilstrekkelege kriselager av til dømes smittevernutstyr gjer norsk helsevesen sårbare i kampen mot korona-smitten.  Foto: Heiko Junge/ NTB Scanpix (Illustrasjonsfoto)

Leder

Økonomiske musklar er ikkje nok når ei krise treff oss med stor nok kraft. Korona-krisa syner kor sårbare vi er om vi byggjer beredskapen på IKEA sin forretningsmodell.

Denne modellen med «just-in-time» leveransar der lageret er erstatta med logistikk er både effektivt og sparer kostnader – i ein normalsituasjon. I kriser er det svært lite robust.

Når forsyningslinjene blir blokkerte, er mangelen på kriselager og svekka sjølvforsyning brått svært synleg. Helsevesenet sin mangel på smittevernutstyr bør vere ein like sterk vekkar som beredskapssvikten som vart avdekka under 22. juli-terroren.


Helsedirektoratet ber om munnbind

Helsedirektoratet ber alle som sitter på lagre av smittevernutstyr om å kontakte Helse sør-øst så fort som mulig. Allerede har det vært god respons.


Gjennom den kalde krigen og fram til Berlinmuren sitt fall var store kriselager av korn, drivstoff og medisinsk utstyr ein viktig del av den nasjonale beredskapen. Gjennom dei tre siste tiåra har desse kriselagra gradvis vorte nedbygd.

Beredskap handlar no meir om å trygge forsyningane enn å sitje på store lager av utstyr. Når ei global krise råkar oss, vert dette for alvor sett på prøve.

Vi ser det same i industrien. Fleire store bilprodusentar har vorte nøydde til å stengje ned fabrikkar fordi forsyningane frå underleverandørar verda over sviktar. Dei økonomiske konsekvensane av dette er store.


Fryktar fastlegekollaps som følgje av mangel på smittevernutstyr

Mange fastlegar har ikkje smittevernutstyr til å ta imot pasientane sine på fastlegekontoret og er dermed ikkje verna mot koronasmitte.


For helsevesenet er dette meir alvorleg. Her står det om liv, helse og kampen mot smittespreiing. Kun ein marginal del av dei medisinane og utstyret vi brukar i Norge, blir produsert nasjonalt. Med små kriselager er vi heilt avhenginge av trygge forsyningar.

Under korona-krisa er det så langt mangel på smittevernutstyr som har blitt akutt.

Helsedirektoratet er øvste ansvarlege for å halde nasjonale kriselager og for å koordinere beredskapen. Kommunene og helseføretaka er sjølv ansvarlege for å ha sine lager. Det same er apotek, grossistar og leverandørar.

Allereie for tre veker sidan ba Helsedirektoratet norske kommunar om å rasjonere dette utstyret. Fleire land hadde då innført eksportforbod for å sikre eigne innbyggjarar. Også transportar av utstyr til Norge vart stoppa.

I førre veke tok EU-kommisjonen affære for å få slutt på dette.


Norge får likevel kjøpe smittevernutstyr fra EU

EU-kommisjonen har endret på forbudet mot å eksportere smittevernutstyr til Norge og de andre EØS-landene.


Likevel kan tilgangen til smittevernutstyr både for kommunar og helseføretak bli kritisk. Laurdag kunne Aftenposten melde at kommunene i dei tre fylka Rogaland, Trøndelag og Troms og Finnmark åleine treng 3,3 million hanskar, munnbind og liknande verneutstyr.

I den akutte krisa vi står i no, nyttar det lite å rope på kriselager som ikkje lenger eksisterer. Vi må ha håp om at Helsedirektoratet klarer å løyse dette saman med helseføretak, leverandørar, grossistar og kommuner.

Vi andre kan gjere vårt ved å vere lojale mot smittevernreglane, slik at vi gir dei ansvarlege meir tid.

Lærdommen bør likevel vere at sjølv om det kostar, så ville dei gode, gammeldagse kriselagra ha sin verdi – nettopp i kriser.