Sunnmørsposten meiner:

«Krisa er ingen «historisk» sjanse. Det er ei krise»

Talsperson for MDG, Arild Hermstad, ser koronakrisa som ein historisk sjanse til omstilling, og er kritisk til krisehjelp til olje- og gassnæringane og flybransjen.   Foto: NTB Scanpix

Leder

Talet på arbeidslause er det høgaste sidan krigen. 291.000 er registrert som heilt arbeidslause. Berre sidan førre veke har talet auka med 142.000. Over ti prosent av arbeidsstyrken er ledige. Talet vil auke.

Årsaka er at bedrifter har vorte tvinga til å stengje av smittevernomsyn, kundane er blitt borte og oljeprisen har stupt. Ingen har sjølv skuld i at dei er permitterte.

Krisepakkane skal berge bedriftene gjennom den verste krisa, slik at flest mogleg skal få kome tilbake i jobb når stormen stilnar. Det siste dei som fryktar for framtida treng no, er at vi skal seie nei til krisehjelp til bedrifter fordi dei høyrer til i feil bransje.


Olje- og energiministeren raser mot MDG

Olje- og energiminister Tina Bru (H) kritiserer Miljøpartiet De Grønne for å stemme imot kriselån til oljeindustrien.


Miljøpartiet de Grønne (MDG) ser koronakrisa som ei gylden - eller kall det gjerne grøn, moglegheit til å få fart på den grøne omstillinga.

Utspelet har fantastisk dårleg timing og syner usmakeleg lite medkjensle for dei som i dag bankar på døra til Nav. Slikt bidrar til heilt unødvendig polarisering og konflikt mellom miljø og industri.

I Dagsnytt 18 måndag seier talsperson Arild Hermstad (MDG) at ein må seie kvar grensene skal gå for krisepakkane, og stille krav til dei som skal ta del i dei. Han rettar peikefingeren på olje- og gassnæringa og flynæringa - og dei som jobbar der.


NHO: Arbeidsløysa på det høgaste nivået sidan 30-talet

291.000 personar er no arbeidsledige i Noreg. Det utgjer 10,4 prosent av arbeidsstyrken og er dei høgste tala sidan 1930-talet, ifølgje NHO.


Sjølvsagt skal vi omstille oss til framtidsretta, berekraftige næringar. Vi må kutte klimautslepp av omsyn til miljøet, framtidige generasjonar og fordi vi har bunde oss til dette i internasjonale avtalar.

Vi må også gjere det for å ta del i det teknologiske kappløpet innan nye, grøne næringar, og ikkje lene oss tilbake på dei gamle.

Vi ser i dag kor farleg det er, når oljeprisen brått stuper. Det er ikkje meir enn seks år sidan det skjedde sist. Utan omstilling blir vi altfor sårbare.


10.000 permitterte i Møre og Romsdal:

Fylkesdirektøren i Nav: – Vi er usikre på om vi har sett det verste ennå

Norge og Møre og Romsdal opplever et ras av permitteringer som følge av koronavirusutbruddet, og Nav er under stort press for å utbetale dagpenger til de som har krav på det.


Krisepakkane handlar ikkje om dette. Dei handlar om å berge bedrifter i ei akutt likviditetskrise, bedrifter som skal delta i denne omstillinga.

Utan desse bedriftene og verdiane dei skaper vil vi ha langt svakare omstillingskraft når krisa er over. Utan desse bedriftene vil fleire titals tusen arbeidstakarar stå utan arbeid når korona-restriksjonane blir letta.

MDG seier vi må ta vare på arbeidstakarane.


Roper varsku om fattige barn under koronakrisa

Barna i dei fattigaste familiane har ikkje noko når skulane er stengde. Dei frivillige organisasjonane er svært uroa for korleis det går med dei.


Ingenting kan då vel vere viktigare enn å berge arbeidsplassane deira, langt meir enn å gi gode ordningar på Nav.

Å nekte bedrifter krisehjelp fordi dei er i «feil» bransje, er ikkje å ta vare på folk. Det er å håne dei. Det er å legge ned jobben deira før dei har ein ny. Det er også det stikk motsette av omstilling.