Sunnmørsposten meiner:

Fantastisk mobilisering av helsepersonell

Smittevern: Smittevernkurs for personell som skal arbeide i helsesektoren i Ålesund kommune under korona-krisa.   Foto: Staale Wattø

Alle dei som no melder seg til teneste, skal ha sin del av applausen.

Leder

Mange tusen har meldt seg til teneste ved sjukehus, sjukeheimar og elles i helsetenesta. Studentar, pensjonistar, deltidstilsette og helseutdanna som har gått over til andre yrke mobiliserer til innsats i korona-krisa.

Vi er berre i starten av ein langvarig, krevjande innsats. Talet på korona-pasientar vil auke kraftig. Presset på helsetenestene vil bli stort, og vi treng fleire for å hjelpe dei som blir alvorleg sjuke.

Difor er denne mobiliseringa svært viktig.


WHO i Europa ser «oppløftende tegn»

Italias lavere smittetall er oppløftende, sier Verdens helseorganisasjon, men understreker at det er for tidlig å si at pandemien har nådd toppen der.


Vi får håpe at smitteverntiltaka gjer at vi unngår eit så stort press som vi ser i nokre andre land. Men uansett vil vi trengje fleire til innsats for å berge liv.

Sjølv om sjukehusa utset planlagde, ikkje kritiske innleggingar for å frigjere ressursar, er trykket alt merkbart. Talet på pasientar som krev intensivbehandling aukar. Fleire stader er dessutan talet på helsearbeidarar redusert på grunn av karantenar som følgje av kontakt med koronasmitta.

Samstundes pågår det opplæring av personell som kan bidra i intensivpleien.


Oppfriskingskurs for tidligere helsearbeidere:

Korona-vikarene til tjeneste: – Noen av dem går allerede ut i nye jobber fra torsdag av

Det er ti år siden Bente Gundersen sist jobba på sjukeheim. Nå er hun klar for korona-tjeneste for Ålesund kommune.


Helsedirektoratet oppretta nyleg ein portal der helsepersonell som ikkje allereie jobbar i eit helseføretak eller ein kommune, blir bedne om å registrere seg. Mange har motteke ein SMS frå direktoratet med beskjed om å melde seg.

Helseføretaka og svært mange kommunar har parallelt med dette sjølve aktivt gått ut for å rekruttere folk. I Ålesund kom raskt talet på søkjarar opp i over 300. Stavanger kommune kunne i går melde at det der hadde meldt seg 1.150. I andre kommunar ser vi tilsvarande.

Også dei som har meldt seg direkte til kommunar eller helseføretak, skal registrere seg i Helsedirektoratet sin portal for å gi god, samla oversikt over personellressursane.



Vi må alle gjere vårt for å dempe smittespreiinga og slik redusere presset på helsetenestene.

Det er likevel dei tilsette der som står i den avgjerande striden for å berge flest mogeleg liv, både blant covid 19-pasientar og andre kritisk sjuke. Framover er det derfor om å gjere at vi har folk nok i frontlina.

Sjølv om sjukehusa gjer det dei kan for å frigjere kapasitet ved å utsetje ikkje kritisk behandling, er det avgjerande å få inn fleire i denne styrken. Potensialet er der, både blant folk som i dag arbeider deltid og blant helseutdanna som har gått ut av yrket.


1.150 har meldt seg til helseinnsats i Stavanger

Stavanger går nå gjennom 1.150 svar de fikk etter å ha bedt innbyggere med helsefaglig kompetanse, minimum fagbrev, registrere seg for å bidra i krisetider.


Rosen dei tilsette i helsevesenet har fått for sin innsats frå den politiske leiinga og i form av applaus frå oss andre, er svært fortent.

Alle dei som no melder seg til teneste, skal ha sin del av applausen.

Det er fantastisk å sjå kor mange som kjenner på ansvaret.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Leder