Skal vi vinne kampen mot korona, er det avgjerande at folk har tilgang til reint vatn. Pandemien er global, og derfor er det også behov for ein global dugnad. FNs berekraftsmål nummer seks handlar om at alle må få tilgang til reint drikkevatn. Å nå dette målet, er viktigare enn nokon gong.

Rundt 40 prosent av befolkninga i verda manglar tilgang til reint vatn i heimane sine, og det gjer det vanskeleg å sikre god hygiene. Reint vatn er dyrebare dropar. Årets fasteaksjon i regi av Kirkens Nødhjelp som går føre seg i desse dagar, samlar inn pengar til brønnboring, latrinebygging og andre sanitærtiltak i fattige lokalsamfunn.

Fasteaksjonen er Norges nest største innsamlingsaksjon, etter TV-aksjonen. Den årlege aksjonen er blitt gjennomført i meir enn 50 år. Tusenvis av frivillige deltar. I fjor vart det samla inn 32 millionar kroner, og pengane blir brukte til å gi 160.000 menneske varig tilgang til reint og trygt vatn, mellom anna i Etiopia. I mange afrikanske land er det økonomisk vasskrise. Det vil seie at det eigentleg er mykje vatn i området, men det er mangel på pengar til å lage infrastruktur for å utnytte vatnet. Derfor er det muleg å oppnå mykje med forholdsvis små midlar.

Vanlegvis går konfirmantar frå dør til dør med bøsse for å samle inn pengar til fasteaksjonen. På grunn av korona-pandemien blir innsamlinga gjennomført digitalt i år for å unngå smitte. Mange konfirmantar gjer ein stor innsats med å spreie informasjon om aksjonen via sosiale medium, og sørger for at pengane kjem inn likevel. På denne måten deltar dei i den globale dugnaden.

Internasjonalt samarbeid er avgjerande i kampen mot pandemien, og for å førebyggje framtidige epidemiar. Det er positivt at regjeringa har sett i verk ei rekke tiltak på dette området. Det er tatt initiativ til eit korona-fond under FN, som skal hjelpe land som verken har økonomi eller helsevesen til å takle krisa. Det er dessutan løyvd store bidrag til vaksinealliansen CEPI sitt arbeid med å finne vaksine mot viruset.

I tillegg til statlege tiltak, utfører frivillige organisasjonar som Norsk Folkehjelp, Redd Barna, Flyktningehjelpen, NSP-Aid og Kirkens Nødhjelp livsviktig arbeid. Viruset kjenner ingen grenser, og det er dei mest sårbare som blir hardast råka. I fellesskap må vi bidra til at alle får tilgang til dei viktigaste og enklaste verktøya mot smitte: Såpe og reint vatn.