Sunnmørsposten mener:

Må ha ein klar exit-strategi

Krisepakke: Finansminister Jan Tore Sanner (H) lanserte fredag den siste krisepakken så langt, ein pakke til drøyt 20 milliardar i månaden.   Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix

Leder

For litt over tre veker sidan starta nedstenginga av Norge. I kampen for å bremse spreiinga av koronasmitten har vi tatt i bruk dei sterkaste og mest inngripande tiltaka vi har hatt i Norge i fredstid.

Konsekvensane er enorme. Meir enn 300.000 er permitterte så langt i år. Botnen har falle heilt ut av marknaden i fleire bransjar. Berre omfattande statlege krisepakkar og rentekutt hindrar no ei massiv bølgje av konkursar.

Vi veit enno ikkje når denne unntakstilstanden tar slutt. Likevel må vi legge ein plan for den dagen no.


Erna Solberg glad for å ha oljefondet i krisen: Vi er i en veldig gunstig posisjon

Hundrevis av milliarder kroner flyr ut til redningspakker under koronakrisen. Statsministeren er glad hun har oljefondet og slipper å låne.


Dei siste vekene har krisepakkane blitt lansert i eit tempo og eit omfang som vi ikkje har sett i nyare tid i Norge. Samla ramme for krisetiltaka er truleg på over 300 milliardar kroner, og enno har vi ikkje sett den siste.

Den økonomiske krisa er berre i sin spede start.

Målet med krisepakkane er å berge arbeidsplassar og sikre likviditet både til bedrifter og privatpersonar. Dessutan må styresmaktene vise musklar for å bygge tillit, skape ro og hindre panikk. Både finansministeren og statsministeren har difor gjentekne gongar slått fast at det ikkje skal stå på pengar.


Anslag: Budsjettet blir svekt med nesten 200 milliardar

Utgiftene staten har til koronakrisa aukar i rasande fart. At langt meir skal brukast på bedrifter enn på å sikre inntekta til folk, uroar SV-leiar Audun Lysbakken.


Slik er Norge i ein unik økonomisk posisjon, trass i at vi har blitt råka av ein dobbel smell med både koronakrisa og ein oljepris i fritt fall. Vi har solide statsfinansar og ein oljeformue i ryggen som gir oss pluss på kontoen.

Fleire europeiske land møter krisa med ei enorm nasjonalgjeld i bagasjen. Land som Italia, Frankrike og Spania har alle ei gjeld på meir enn 100 prosent av brutto nasjonalprodukt. Dei har enno ikkje rista av seg verknadane av finanskrisa, og må no bygge sine nye krisepakkar ved å auke gjelda.


Tyske økonomar spår økonomisk nedgang

Tysklands økonomi vil krympe med opptil 5,4 prosent i år, trur ei økonomisk ekspertgruppe.


I tillegg til at desse landa er blant dei som er absolutt hardast råka av koronapandemien, er dette store økonomiar som no framstår som ustabile. Bit den økonomiske krisa seg fast her, vil det få store konsekvensar i europeisk økonomi.

Koronakrisa fører oss ut eit heilt nytt landskap.

Vi veit enno ikkje når vi får så god kontroll på koronasmitten at helsevesenet kan takle den. Vi må likevel no førebu ein rask restart av økonomien.


Den maritime næringen tror ikke krisepakke vil hjelpe

Norsk Industri og offshorerederiet DOF mener krisepakkene fra regjeringen ikke er nok til å redde den kriserammede maritime næringen.


Vi må leggje ein exit-strategi og ein plan for korleis vi kan ruste oss for å møte ei langvarig økonomisk krise.

Det kan bli minst like krevjande som å trykkje på den store raude knappen og stengje ned økonomien, og vi må ta i bruk heilt andre verkemiddel enn dei krisepakkane vi har sett til no.