Sunnmørsposten meiner:

«Avlys utbyttefesten»

Et flertall av partiene på Stortinget har blitt enige om ytterligere koronatiltak. Punktene ble lagt fram på en pressekonferanse i Vandrehallen torsdag morgen. Trygve Slagsvold Vedum (Sp) i front. I bakgrunnen: I bakgrunnen Hans Fredrik Grøvan (KrF), Ola Elvestuen (V), Kari Elisabeth Kaski (SV) og Hadja Tajik (Ap). Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix  Foto: Terje Bendiksby

Leder

Planlegging av utbytte- eller bonusfest står ikkje høgt på kalenderen til kriseramma bedrifter. For dei som er hardast ramma av koronakrisa handlar alt no om å berge levebrød og arbeidsplassar.

Krisehjelpa er berre eit lite bidrag i denne kampen. Eit samla Stortinget gir då også klar beskjed om at støtta må brukast til akkurat dette, og manar til moderasjon.

Fleirtalet sa tysdag likevel nei til å forby utbytte frå bedrifter som mottar krisehjelp.


Høgre: Bruk desse pengane med ansvar og kløkt

– Det skal bli lett å kome inn i ordninga, men vanskeleg å misbruke henne, seier Høgres Mudassar Kapur om kontantstønaden til bedrifter.


Total ramme for krisepakken som Stortinget vedtok i går, er på 50 milliardar kroner. Om ikkje dette held, er det brei politisk vilje til å utvide den.

Så er det heller ikkje viljen til å bruke pengar striden har stått om. Dette er viktig for dei titusenvis av arbeidsplassane som no står i fare.

I tillegg er det bra at krisepengane kjem raskt og at Stortinget opnar ordningane for bedrifter som Regjeringa sitt framlegg traff dårleg, slik som bedrifter med store sesongvariasjonar i inntektene.


SV misnøgde med manglande utbytenekt

SV meiner korona-kontantstønaden har vorte ein gåvepakke til dei som vil misbruke ordninga, men stiller seg likevel bak tiltaka.


Det som har delt Stortinget, er korleis ein skal hindre misbruk av fellesskapet sine pengar. Her ville opposisjonen ha strengare reglar enn det regjeringspartia har gått med på.

Difor står framleis døra open for å betale utbytte til aksjonærar eller store millionbonusar til leiarar, sjølv om bedrifta har motteke krisestøtte frå felleskassa.

For det store fleirtalet er ikkje dette eingong i tankane.

Mange har då også alt avlyst årets utbytte, og Finanstilsynet har bede bankane om å gjere det same.


NHO åtvarar mot å misbruke kontantstønadsordninga

Kompensasjonsordninga for koronaramma bedrifter er ei tillitserklæring som bedriftene må vise seg verdige til, meiner NHO.


Logikken er enkel: Når eigenkapitalen renn ut, må ein tette dei hola ein kan for å halde skuta flytande gjennom stormen.

Det er dette krisehjelpa skal gå til, ikkje til feite utbytte til dei som allereie har nok.

Utan eit forbod er altså dette framleis mogeleg for det vesle mindretalet som ikkje ser det slik. Dei er få, men det er likevel alltid nokre som ikkje forstår konseptet med dugnad.

Argumenta for å ha late att denne døra, er sterke.


Listhaug: — Må hindre misbruk

Sesongbaserte bedrifter som vintersportsstader vil kome dårleg ut av ordninga med kontantstønad til koronaramma bedrifter, slår Frps Sylvi Listhaug fast.


Samstundes er det klart at eit absolutt forbod kan ramme feil.

I enkelte yrke, mellom anna sal, er resultatbonus ein viktig del av løna. Nokre bedriftseigarar er også tvinga til å ta ut utbytte for å betale formuesskatt.

Forbod ville også hindra bankar å betale støtte til frivillige lag, fordi det kjem under same regelverk.

At døra står open, betyr ikkje at ein treng å trakke over terskelen.