Ein smittesporingsapp skal etter planen lanserast etter påske. Folkehelseinstituttet har i samarbeid med forskingsmiljø og selskapet Simula jobba i ekspressfart med å utvikle ein app som kan gjere sporing av koronasmitte meir effektiv. Formålet er det aller beste. Likevel er det mange gode grunnar til å vere skeptisk.

Når appen er installert, vil den samla data ved hjelp av GPS og Bluetooth som finst i alle mobiltelefonar. Dersom ein brukar får påvist koronasmitte, vil det vere mogleg å spore alle dei telefonane som har vore i nærkontakt med den smitta dei siste 14 dagane. Helsestyresmaktene vil då sende ut melding til dei aktuelle mobiltelefonane, slik at eigarane kan ta nødvendige forholdsreglar. Det er berre dei som har lasta ned appen som blir varsla.

Ingen tvil om at appen kan gjere smittesporing meir effektiv. Men er det uproblematisk at staten får full oversikt over kvar vi er og kven vi er i kontakt med?

Både juristar, teknologar og redaktørar har kritisert den skisserte app-løysinga, både fordi den ikkje har open kjeldekode, men også fordi den legg opp til sentral lagring av persondata. Advokat og ekspert på personvern, Jon Wessel-Aas har mellom anna peika på risikoen for at opplysningane appen samlar inn kan bli brukt til andre formål enn planlagt. Redaktørar er også kritiske, fordi appen kan sette kjeldevernet i fare. Kjeldevernet er heilt grunnleggande i eit fritt samfunn, og ein føresetnad for at pressa skal kunne fylle si samfunnsoppgåve. Utan denne sikkerheitsventilen blir samfunnet meir utrygt. Verken redaktørar eller journalistar kan ta i bruk appar som svekker det grunnleggande kjeldevernet og anonymitetsprinsippet.

Det er frivillig å laste ned appen, men dersom den skal ha effekt, bør flest mogleg ta den i bruk. Nettopp derfor må den utformast slik at alle kan vere trygge på at informasjon ikkje kjem på avvegar, eller blir brukt til noko anna enn det som er formålet.

Onsdag kom det melding om at ei uavhengig ekspertgruppe utnemnt av Helse- og omsorgsdepartementet skal luke ut eventuelle svakheiter i smittesporingsappen. Det gir håp om at helsestyresmaktene tek kritikken på alvor, og sørger for at det blir valt løysingar som ikkje set kjeldevern og rettstryggleik i fare.

Mobiltelefon, illustrasjonsbilete Foto: Illustrasjon