Ingen har ynskje om å gamble med liv og helse i kampen mot korona-smitten. Likevel er debatten om tempoet i gjenopninga av samfunnet no i ferd med å ta fart.

Nokre meiner det går altfor fort. Andre meiner at nedstenginga var altfor omfattande i utgangspunktet, at tiltaka har vart for lenge og at konsekvensane er for store.

Ein slik strekk i laget kan gjere gjenopninga minst like krevjande som nedstenginga.

Regjeringa avgjorde før påske at barnehagane opnast att frå komande mandag, eller seinast 27. april. Frå denne datoen skal også elevane i første til fjerde klasse tilbake til skulen og SFO.

Enkelte lærarar fryktar at dette er for tidleg, og nokre foreldre har sagt at dei vil halde fram med å ha barna heime.

I motsetnad til dei yngste barna må dei eldste elevane i grunnskulen og dei fleste i vidaregåande skule vente enno ei stund. Regjeringa drøyar med å sleppe dei tilbake. Rådet frå deira eiga ekspertgruppe er at det ikkje er fagleg grunnlag for å vidareføre denne stenginga.

Dette synleggjer dilemmaet i krisehandteringa.

Vi må ta steg tilbake til normalen no når vi ser ut til å ha fått kontroll over smittespreiinga og vi har vunne tid til å ruste opp helsetenestene. Då er det fornuftig å slakke først på dei restriksjonane som har liten effekt på smittespreiinga.

Samstundes kan vi ikkje ta for stor risiko.

Enno er det mange ukjende faktorar å ta omsyn til. Vi kan heller ikkje risikere at folk slakkar på smittehygienen og råda om sosial distanse samstundes med at dei stengde dørene til skular, barnehagar og frisørar opnar att.

Vi kan framleis risikere ny, ukontrollert oppblomstring av smitte om vi slepp bremsene for mykje opp for fort.

Difor bør vi tole at nokre av dørene blir stengde lenger enn enkelte faglege råd tilseier — ikkje fordi vi lar oss styre av frykt, men fordi det er fornuftig.

Det er lett å forstå både dei som er urolege for ny oppblomstring av smitte og dei som fryktar for langvarige og djupe økonomiske konsekvensar av nedstenginga. Begge delar er det reell fare for, og begge delar kan få store skadeverknader.

Styresmaktene sin jobb er finne rett balanse, og gå passe fort fram.

Fordelen med ei forsiktig gjenopning er at stø kurs og jamn fart er god medisin både for folkehelsa og økonomien.

Ei snarleg ny, kraftig oppbremsing er eit langt verre alternativ.