Samanlikna med den krisa heile samfunnet står midt i no, blir dei økonomiske utfordringane i Møre og Romsdal fylkeskommune som ei krusning på havet å rekne.

Bølgjene frå fjorårets dramatiske budsjettkutt har likevel ikkje blitt mindre enn dei var i desember. Dei slår framleis hardt inn over både tenestetilbodet og i den politiske debatten.

Kritikken av fylkesadministrasjonen i fylkestinget tysdag var difor på sin plass.

God og presis budsjettrapportering er avgjerande for økonomistyringa. Avvik må fangast opp og rapporterast tidleg, både negative eller positive. Det er einaste sjansen politikarane har til å justere kursen i tide.

Fram til behandlinga av budsjett og økonomiplan i fjor haust, peika prognosene mot eit svært svakt resultat, langt under det berekraftige. Ingen av partia i fylkestinget protesterte på kor store kutta måtte vere. Usemja gjekk på kvar dei skulle ta kutta.

I lys av dette stramma fylkestinget kraftig inn under sterke protestar og fakkeltog. Lærarar, elevar og ferjependlarar demonstrerte.

Få veker etter dette la så fylkeskommunedirektøren fram tal som brått synte eit respektabelt overskot.

Eit overskot på 251 millionar kroner gir ingen grunn til å sprette sjampanjekorkene. Fylkeskommunen har over lang tid hatt store økonomiske utfordringar. Framfor seg har den ein raskt veksande skavl av gjeld. Overskotet frå i fjor gjer ikkje slutt på dette.

Kutt hadde altså ikkje vore til å unngå. Likevel ville både debatten og utfallet vore ein annan om politikarane hadde hatt betre oversikt. Klasser i skulen kunne ha vore berga. Rutekutt og takstauke i på buss og ferje kunne ha vorte mindre.

Fleire av politikarane i fylkestinget refsa tysdag administrasjonen på nytt. Så godtok dei rekneskapen og vedtok å leggje 107 millionar av fjorårets overskot til årets drift, og fonda fekk eit etterlengta påfyll på 144 millionar. Fylkeskommunedirektøren har lova skerping.

Formelt sett er då dette kapittelet avslutta.

For folk flest er det ikkje så enkelt. Konsekvensane av kutta svir framleis, trass i mellombelse reduksjonar av ferjetakstane i samband med koronakrisa. Skuletilboda som vart nedlagt er borte.

I tillegg er tilliten til politikarane og administrasjonen svekka. Eit slikt omdømetap vil hengje ved i nye budsjettrundar.

Fleire politikarar har opplevd at det er i pedagogisk utfordring å forsvare kutta.

Det er det fleire enn pedagogane i fylket som kan skrive under på.